Ny runde med Livsløp, velferd og planlegging

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Dei som ikkje har høve til å bli med på turen, kan heller skrive ei oppgåve med utgangspunkt i eigen kommune. Eksamen blir sist i vårsemesteret, melder studiekoordinator Nils Magne Magerøy ved Høgskulen i Volda.

- Dette er eit tverrfagleg emne på 15 studiepoeng som kan takast som vidareutdanning eller som valfritt emne i Mastergrad i samfunnsplanlegging og leiing. Emnet kan også innpassast i den planlagde masterutdanninga i sosial- og helsefagleg arbeid ved avdeling for samfunnsfag, fortel han.

Studiet rettar søkelyset på livsløpet frå vogge til grav. Spørsmål om helse, trivsel og ”jakta på det gode liv” blir knytt til kunnskapsformidling og utvikling av ulike former for langsiktig og behovsretta samfunnsplanlegging.

Det er framleis nokre ledige plassar ved studiet. For meir informasjon; ta kontakt med studiekoordinator Nils Magne Magerøy tlf. 70075163. E-post: [email protected]

Sjå også lenke med studieinformasjon; flygeblad og emne-/studieplan.
Last ned flygeblad om masteremnet (pdf.fil)
Les artikkel om forskinga
Les artikkel om professor Myklebust og livsløp


_livslop

På studietur til Costa Blanca våren 2005, her frå kyrkjeplassen i Altea

Del på