Ny forskingsrapport frå professor Kåre Heggen og førstelektor Lars Jørgen Vik

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Prosjektet har vore leia av professor Kåre Heggen (Høgskulen i Volda og Høgskolen i Oslo). Men også førstelektor Lars Jørgen Vik (Høgskulen i Volda) har deltatt i arbeidet med analyse av StudData-materialet. Rapporten er forfatta i fellesskap mellom Heggen og Vik. Også professor Lars Inge Terum ved Senter for profesjonsstudier har deltatt i diskusjonar om rapporteringa frå prosjektet.

Prosjektet kom i gong etter at det i mai 2006 vart inngått ein avtale mellom Fellesorganisasjonen for barnevernspedagoger, sosionomer og vernepleiere – FO – og Høgskolen i Oslo, Senter for profesjonsstudier om gjennomføring av prosjektet. Prosjektets datagrunnlag er den såkalla StudData-basen ved Senter for profesjonsstudier. Den inneheld data frå studentar ved ulike høgskular, i ulike profesjonsstudiar ved starten og slutten av studiet, men og tre år etter avslutta utdanning. Rapporten er først og fremst ein empirisk gjennomgang av nokre utvalde data.

Professor Kåre Heggen meiner at det mest sentrale punktet i rapporten er sosialarbeidarane sitt syn på kunnskap og kompetanse.

Han framhevar to viktige funn:

  1. At sosialarbeidarane legg relativt lite vekt på fagkunnskap som viktig grunnlag for sosialarbeidaryrket. Det er vurdert som klart mindre viktig enn t.d. verdiar/haldningar og personlege evner, og vektlegginga fell frå studiestart til studieavslutning og yrkesdeltaking. Mønsteret liknar på det ein finn blant allmennlærarar, men er heilt ulikt sjukepleiarane, som legg mykje større vekt på fagkunnskap.
  2. At sosialarbeidarane i yrkeslivet ca 3 år etter avslutta utdanning, er relativt godt nøgde med profesjonsutdanninga si, meir enn allmennlærarar og særleg sjukepleiarar. Gapet mellom den kompetansen ein treng i yrket og det ein har tilegna seg i profesjonsutdanninga, er klart mindre for sosialarbeidarane enn for allmennlærarane når det gjeld både teoretisk kunnskap og relasjonskunnskap.

heggen_stor
Professor Kåre Heggen

Del på