Ny bok frå professor Roar Amdam
Professor Roar Amdam ved Institutt for samfunnsplanlegging ved Høgskulen i Volda har gitt ut boka "Planlegging som handling," som gir ei inngåande drøfting av mellom anna regionalpolitikk og regionalpolitiske regime både nasjonalt og internasjonalt.
"Planlegging som handling" trekkjer også fram behovet for ein regionalt tilpassa eller differensiert regionalpolitikk.
- Utgangspunktet for boka er at alle organiserte samfunn treng styring. Dette fordi summen av individa sine egoistiske handlingar ikkje alltid summerer seg til det samfunnet er mest tent med på sikt. Forfattaren drøftar korleis regionane i samarbeid med overordna og underordna styresmakter, og med privat og frivillig sektor kan arbeide for å oppnå legitimitet som regionalpolitisk aktør, og til å utvikle ein differensiert regionalpolitikk. Eit hovudpoeng for forfattaren er at planlegging er ein integrert del av handling på den måten at planlegginga bidreg til å sette ting på den politiske dagsordenen, organisere eit gjennomføringsapparat, iverksette handling og trekke lærdom av tiltaka sine resultat og effektar. På den måten er planlegging ein reiskap for politikkutforming og eit uttrykk for politisk vilje.
