Korleis vurderer ein effekten av helsefremjande tiltak?
Vi møter stadig tiltak som har som mål å vere helsefremjande, frå nasjonale røykestopp-kampanjer til individuelle tiltak som Grøn resept. - Har dei nokon effekt? spør professor Arild Raaheim. Han føreles om evaluering av helsefremjande tiltak i morgon.
Tid: Fredag 21. april kl. 11.15 - 16.00
Stad: Hans Strøm-huset, Strøm 244.
Tittel: ”Helsefremjing og evaluering - Spesielle utfordringar ein står overfor når ein ønskjer å evaluere effekten av ulike helsefremjande tiltak”
- Studentar i helsepedagogikk og alle andre som vil høyre ein engasjerande førelesar bør få med seg professor Arild Raaheim i morgon, oppfordrar Nils Magne Magerøy ved Avdeling for samfunnsfag.
Professor Raaheim er tilsett ved Institutt for utdanning og helse ved Universitetet i Bergen, og er oppteken av mellom anna mellommenneskeleg kommunikasjon, læring og meistring og evaluering av undervisningsprogram.