Interessert i kristendoms-, religions- og livssynsskunnskap?

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Utdanning i KRL gir moglegheiter innan skule, forsking, kyrkje og kultur; dessutan gir det ei solid plattform for vidare utdanning innan humanistiske og samfunnsvitskaplege studiar.

Brigt Ove Vaage er studiekoordinator for KRL, og meinar at fleire burde sjå mogligheitene i kunnskap om religion og livssyn.
- Sjå på verdsbilete og kva vi får presentert i media kvar dag, kunnskap og refleksjon i desse emna kan være svært viktig både for lærarar, journalistar og andre med planar om vitenskaplige utdanningar. Synsing etter nyheitene på TV er vel og bra, men kunnskap er betre seier han med eit smil.

KRL-studiet er delt i 4 emne på 15 st.:

• Bibelen – tekst og tolking (REL 111)
Emnet skal gi god bibelkunnskap, grunnleggjande kompetanse i vitskapleg lesing av bibelske tekster og innsikt i korleis ein kan forstå og nytte bibelske tekster i dag.

• Religion og livssyn (REL 112)
Emnet skal gi utdjupande kunnskap om religionar og livssyn, og møtet mellom desse i samtida.

• Tru og tradisjon (REL 113)
Emnet skal gi kunnskap om kristendommens historie. Det skal også gi forståing for reformasjonstida som avgjerande for deling av kyrkja i Europa, og det konfesjonelle mangfaldet i tida etter. Emnet skal gi innsikt i kristen truslære i økumenisk perspektiv. Studenten skal få innsikt i både prinsipielle og konkrete spørsmål omkring kristen etikk.

• Religions- og livssynsundervisning i ein mangfaldskultur (REL 114)
Eemnet skal gi innsikt i oppseding og undervisning i den kristne tradisjonen så vel som i nokre andre tradisjonar med aukande tilslutnad i vårt land, og i dei pedagogiske og diaktiske utfordringar som den nye mangfaldskulturen byr på i vår tid. Emnet skal gi kompetanse i undervisning og formidling av religion, livssyn og kristendom i skule, heim og kyrkje.

Oversikt over KRL-studia
Framleis interessert?
Ta gjerne kontakt med oss for meir informasjon
Kontaktperson er Bente Afset  [email protected] Tlf. 70075107 (Hans Strøm-huset, rom 335)

Del på