Heggen bidreg i nytt standardverk
– Det var Tore Lindbekk, professor i Trondheim, som hadde skrive kapittelet om utdanning i den første utgåva. I 1968 tok eg til å studere på Blindern og vart kjend med verket da, og eg las det særleg etter at eg kom til Volda som stipendiat i 1973, mimrar Heggen, som i den nyleg utgitte sjuande utgåva av «Det norske samfunn» har ansvaret for kapittelet om utdanning.
Godt teikn
Standardverket er i tre bind og skal belyse utviklinga på sentrale samfunnsområder, samt drøfte kva for utfordringar det norske samfunnet står overfor. Heggen har dei siste åra arbeidd mykje med ungdomsforsking og sett på årsakar til fråfall i den vidaregåande skulen. Det tek han opp i boka, og i tillegg er han innom forholdet mellom utdanning og yrkesfeltet, der han drøftar kor godt utdanningane passar til yrkene.
– Det var spennande å bli spurt om å ha ansvaret for dette kapittelet. Det er også eit teikn på at det blir fanga opp at vi arbeider med utdanningsforsking ved Høgskulen i Volda, seier Heggen.
Han omtaler verket som «veldig viktig» i høgare utdanning, og legg til at det blir referert til ofte. Med seg i arbeidet har Heggen hatt forskar Anders Bakken frå Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) og professor Håvard Helland ved Høgskolen i Oslo og Akershus. Bakken har sett på grunnskulen og kva reformer og nasjonale prøver har å seie for utviklinga av skulen. Medan Hellands bidrag går på sosial rekruttering i utdannings-Noreg.
Kritisk til politikarane
Heggen blir ivrig når han snakkar om rekruttering til høgare utdanning og tilbodet om det rundt om i landet.
– Vi veit at rekrutteringa i distrikta har en klar overvekt til høgskular, medan folk i byar helst vel universitet. Med strukturreformen som no har gått over landet er det eit viktig spørsmål å stille seg om til dømes lærarutdanningane blir meir sentralisert. Kva skjer da med rekrutteringa av lærarar til distrikta?, spør Heggen.
For Møre og Romsdal er det slik at dei som reiser ut av fylket for å ta høgare utdanning langt sjeldnare blir busett i Møre og Romsdal enn dei som tek utdanning i fylket.
– Difor er det kritisk om ein ikkje er opptatt av å ha høgare utdanning i heile Noreg. Lærarane har eg nemnt tidlegare, men det same gjeld også for til dømes sjukepleiarar og sosialarbeidarar. Då vil det verte veldig vanskeleg å rekruttere personell til desse yrkesgruppene i distrikta.
Ottosen-komiteen la på slutten av 60-talet grunnlaget for distriktshøgskulane. Heggen er redd for at det arbeidet nå blir rasert av dagens politikarar.
– Dei ønsker i for liten grad å oppretthalde høgare utdanning utanfor dei store byane. No er det meir snakk om å vere robust og skape store miljø. Eg trur ikkje det er den rette vegen å gå.