Første studentane fullførte emna for tillitsvalde
Studentinget i Volda (STiV) har i lengre tid arbeidd for å få til studietilbod for tillitsvalde. 33 studentar fullførde Tillitsvald 1 og 22 studentar fullførde Tillitsvald 2 i vårsemesteret 2005.
Forelesarar og ansvarlege for studiesamlingar og rettleiing har vore Jørgen Holte og Ola Jordhøy frå Rådgiving og Distriktsutvikling (RDU). Ragnhild Aarflot Kalland (ordførar i Volda kommune) og Odd Kristian Dahle (journalist i NRK Møre og Romsdal) har vore gjesteforelesarar knytt til tema som til dømes likestillingsperspektiv og media sin posisjon, rolle og makt i samfunnet. Koordinator har vore Geir Tangen ved Avdeling for samfunnsfag.
Det vert truleg gjeve tilbod om emna Tillitsvald 1 og 2 ved Høgskulen i Volda i vårsemesteret 2006. Emna kan gå inn som valfrie emne i bachelorgradar ved HVO.