Fagleg reise i India for Institutt for sosialfag
Ein vitja også organisasjonar og institusjonar som arbeider med sosiale problem i India, stort sett private organisasjonar, fleire med tilknyting til den katolske kyrkja, fortel Kåre Heggen.
- Reisa starta i Dehli-området i nord, der vi vitja mellom anna University of Dehli, som har om lag 300.000 studentar. Deretter heldt vi fram i delstaten Kerala i sør-vest, vidare nordover langs kysten til Mangalore (der Avdeling for mediefag har hatt eit mangeårig samarbeid) og enda opp i storbyen Mumbay.
- Gjennom denne reisa har instituttet lagt eit grunnlag for eit mulig framtidig samarbeid og utvekslingsarbeid med utdanningsinstitusjonar i India.
På besøk ved organisasjonen HOPE i New Delhi
Symposium hos PRAYAS i New Delhi med bl.a. representantar frå bl.a. universitetet i Delhi
Besøk ved School of Social Work i Mangalore
Møte på University of Mangalore. På bildet ser vi Anli Bahl og Kåre heggen saman med professor Nagaraj Krishnapuram og vice-Chancellor Prof. B.Hanumaiah
Sosialfagseksjonen og studentane ved SANDESHA, a foundation for culture and education in Mangalore.