Ekeland og Heggen med lærebok om Meistring og myndiggjering
Høgskulen i Volda og Gyldendal Akademisk inviterte til formell opning av masterstudiet i helse- og sosialfag og lansering av boka i dag, onsdag 5. september. Dei frammøtte fekk ei orientering om studiet og boka frå fagmiljøet ved Avdeling for samfunnsfag og historie, medan redaktør i Gyldendal akademiske forlag, Ellen Aspehaug snakka om boka. |
Mastergradsstudiet i helse- og sosialfag
Høgskulen i Volda ved Avdeling for samfunnsfag og historie vil med det nye studiet gi eit etterlengta tilbod om masterstudium til helse- og sosialarbeidarar i landsdelen.
Studiet er knytt til Institutt for sosialfag, og i utviklinga av utdanninga har ein samarbeidd med Helse Sunnmøre og Høgskolen i Ålesund.
- Allereie dette semesteret vil minst 60 studentar vere i gang med kjerneelement i det nye studiet.
”Meistring og myndiggjering. Reform eller retorikk?”
Ei rekkje fagfolk, dei fleste knytt til masterstudiet som lærarar og rettleiarar, har skrive den nye læreboka om ”Meistring og myndiggjering. Reform eller retorikk?”
Boka er ei viktig pensumbok i det nye studiet, og eit viktig føremål med boka er å gi ei fleirfagleg innføring i kva
meistring og myndiggjering inneber for fagfolks måte å tenke og handle på, og å drøfte dilemma og paradoks som oppstår i forhold til ei slik målsetting.
Forfattarane
Tor-Johan Ekeland og Kåre Heggen har redigert boka. Dei andre forfattarane er: Randi Bergem, Anne-Sofie Egset, Rune Kvalsund, Marit Kvangarsnes, Kjell-Arild Madssen, Jon Olav Myklebust, Jan Inge Sørbø, Lars Jørgen Vik og Per Magne Aadnanes.