Deler erfaringar som kan gi meir samarbeid
Gruppa frå Jan Evangelista Purkyně University in Ústí nad Labem i Tsjekkia, som tel seks tilsette og tolv studentar, kom til Volda med buss tysdag og skal vere her til laurdag. Dei skal gjennom eit innhaldsrikt program og møte tilsette og studentar ved Høgskulen i Volda, i tillegg til sentrale personar i kommunen.
Lære av kvarandre
Erfaringsutveksling vert sentralt når dei tsjekkiske gjestane skal vere ilag med tilsette og studentar ved HVO. Professor Nathalie Homlong ved Institutt for planlegging, administrasjon og samfunnsfag (IPAS) har hatt ansvaret for det faglege opplegget.
– Universitetet dei kjem frå i Tsjekkia har studium som liknar på det vi har ved IPAS. Dei har søkt EØS-midlar og nyttar dei for å besøke oss i Volda og sjå korleis vi arbeider med både undervisning og forsking på fagfeltet regional utvikling, fortel Homlong.
Universitetet i Tsjekkia ligg, i likskap med HVO, ikkje i ein storby. Men til tross for at begge institusjonane ligg litt landleg til, er aktiviteten rundt dei ulik. Det er noko begge partar vil lære meir om.
– For oss er det nyttig å få kunnskap om utfordringane ein har i eit EU-land. Og kunne vise til det i undervisninga. Mange land lengre øst enn oss i Europa har store problem med å oppretthalde busetting på landsbygda, mykje større enn i Norge. Dei kjenner heller ikkje til den norske distriktsmodellen, som legg til rette for utvikling og vekst i distrikta, seier Bjørn Gunnar Tafjord, seniorrådgivar ved Avdeling for samfunnsfag og historie ved HVO.
Studentane samarbeider
På høgskulen skal dei snakke fag og forsking. Fredag får gjestane møte ordførar i Volda kommune og tidlegare professor ved HVO, Jørgen Amdam, for å høyre meir om korleis ein driv kommunal planlegging i Volda. I tillegg skal Sunnmøre Kulturnæringshage og Volda Næringsforum fortelje om kva dei driv med.
Dei tsjekkiske studentane får også møte studentar ved HVO som studerer Planlegging og administrasjon. Saman skal dei ta turen til Sæbø og tsjekkarane får lære meir om korleis vi i Norge legg til rette for utvikling av små samfunn som Sæbø.
– Vi håpar at gjestane våre får eit godt innblikk i korleis vi i Norge driv regional utvikling og at dei kan det med seg heim og vidareformidle det på universitetet sitt. I tillegg er det ønskeleg om vi får til eit konkret samarbeid innan både forsking og undervisning i framtida, seier Homlong og Tafjord.