Amdam til Hareid for å engasjere

Tekst: Webmaster Volda

Onsdag var Amdam på Hareid for å fortelje bygdefolket om alternativa for framtidig kommuneorganisering. Utgreiinga byggjer på rapporten som Møreforsking laga for kommunane på søre i vår.

I rapporten sin konkluderte Møreforsking med at det beste alternativet er å etablere ei storkommune med alle sju kommunane på Søre Sunnmøre. I tillegg skal vi behalde dei lokale kommunane innanfor dagens grenser, som skal ha ansvar for grunntenestene som grunnskule, barnehagar og pleie og omsorg for eldre og sjuke.
Dette er eitt av fleire alternativ som Amdam meiner at folk no bør vurdere, før ei anna løysing tvingar seg fram, skriv Mette Holstad ivikebladet.no

hareidkart

Del på