Kunstnarstraum til Høgskulen Volda
Hrafnhildur Einarsdóttir, Emelie Wångstedt og Martina Francone i danseproduksjonen "Recycling the past". Foto: Rita Slotterøy
Seanse – senter for kunstproduksjon ved Høgskulen i Volda, arbeidar for å styrke kvalitet i kunst for barn og unge, og for utvikling av kunstprogram i barnehage, skule og andre samfunnsinstitusjonar. Seanse er finansiert av Høgskulen i Volda, Møre og Romsdal fylke, Kunnskapsdepartementet og Norsk kulturråd.
Erfarne kunstnarar
I år tok senteret imot 50 søknadar til årets kunstnaropphald, som avviklast i juni og oktober 2016. Søknadane bestod av kunstproduksjonar innanfor musikk, teater, dans, litteratur og visuell kunst i tillegg til tverrkunstnariske produksjonar. Fleire av kunstnarane har mange års erfaring og har vore med å turnert rundt om i Norges land i regi av Den Kulturelle Skolesekken (den nye Kulturtanken). Seanse dekker reise og opphald, samt honorar for alle kunstnarane under kunstnaropphald, og det gis kunst- og barnefagleg rettleiing frå Seanses leiarteam i Volda.
Kunstnarar innan alle sjangrar og uttrykk kan søke om arbeidsopphald hos Seanse. Dei tek imot prosjekt i alle stadia av utvikling, frå idé til post-produksjon. Den sjangeren dei tek imot flest søknadar frå kvart år er teater, men det kan sjå ut som om produksjonar med fokus på formidling av litteratur er aukande. Av produksjonar som involverer dans, er det i år både folkedans, samtidsdans, jazzdans og andre urbane danseuttrykk representert. Christer Tornell, kjent som dommar i «Skal vi danse», deltek saman med Nina Lill Svendsen og ungdomar for å utvikle produksjonen «Festen».
Tek opp vanskelege tema
Ein tendens er også at fleire produksjonar søker å involvere publikum til å vere aktivt deltakande aktørar og ikkje berre tilskodarar. I tillegg har Seanse i år fått fleire søknadar enn tidlegare frå kunstnarar tilknytta ulike museum, institusjonar og organisasjonar som jobbar med ulike produksjonar retta mot barn og unge. Av desse er mellom anna Olav H. Hauge-senteret, Sølvberget, Stavanger kulturhus, Mjøsmuseet, Ishavsmuseet «Aarvak», og organisasjonane Vaksne for Barn (VfB) og Landsforeningen for selvmord og selvskading (LFSS).
Kompani Lerkefalk er ein av dei som har fått innvilga opphald ved Seanse i år, der dei vil ta for seg vanskelege tema som angst, ungdomsdepresjon, sjølvskading og sjølvmord. Tidlegare har dei turnert rundt om i Norge med produksjonen «Jeg er bare Ida», for 10. klasse og vidaregåande skule, ein produksjon som handlar om mobbing, kjærastevald, vald i nære relasjonar og seksuelle krenkelsar. «Jeg er bare Ida» har sidan premieren i januar 2014 spelt rundt 130 gongar for ungdom, og fått svært gode tilbakemeldingar. Dei turnerar saman med organisasjonen Stiftelsen Tryggere, som held workshops og samtalar med ungdomane i etterkant av kvar førestilling.
Palestinske kunstnarar
Blant kunstproduksjonane i år er det fire grupper frå Ramallah, som vil kjem til Norge for å jobbe med sine produksjonar for barn og unge. Sareyyet Ramallah - First Ramallah Group (PS) er ein av dei største kulturaktørane i Palestina. I 2014 mottok Sareyyet Ramallah 3-årig prosjektstøtte frå det Norske representasjonskontoret til palestinske myndigheiter (NRO)/UD for å styrke og vidareutvikle arbeidet dei alt gjer med dans i Palestina. Siljeholm/Christophersen (NO) er hovedpartnar i dette arbeidet. Målet er å skape ei uavhengig dansescene, gjennom å generere forskjellige aktivitetar og prosjekt, som prøver å tenke Palestina under eitt, uavhengig av okkupasjonen. I 2016 er fokuset spesielt retta mot barn og unge, og det vil bli skapt 4 produksjonar for eit ungt publikum, signert fire ulike palestinske kunstnarar/grupper. Premierene vil finne stad i august, i Hebron, Jerusalem, Jenin og Ramallah.
Om du gikk glipp av årets søknadsrunde vil Seanse lyse ut nye opphald. Følg med på sidene deira www.seanse.no og på https://www.facebook.com/SeanseArtCenter/
Tekst: Rita Slotterøy