HVO vann fram i konkurranse om vidareutdanningar for lærarar
Kompetanse for kvalitet er styresmaktene si satsing på vidareutdanning av lærarar fram mot nye kompetansekrav i 2025. – I sterk konkurranse med andre tilbydarar har Utdanningsdirektoratet i årets tildelingsrunde gitt Høgskulen i Volda midlar til å tilby åtte av dei ni vidareutdanningane vi no søkte om, seier seniorrådgjevar Ole Frank Bakken.
Norsk, engelsk og matematikk sikra finansiering fram til 2025
Kompetanseheving i faga norsk, engelsk og matematikk er eit svært viktig element i Kompetanse for kvalitet. I 2025 vert det forskriftskrav om å ha minst 60 studiepoeng for å kunne undervise i faga norsk, engelsk og matematikk på ungdomstrinnet og 30 studiepoeng for å undervise i dei same faga på barnesteget.
Utdanningsdirektoratet (UDIR) signaliserte våren 2020 at dei vurderte å redusere talet på tilbydarar i desse tre store og sentrale skulefaga.
Stor konkurranse
– Konkurransen om å få tilby vidareutdanningar innan KFK er stor og spenningsnivået har vore deretter. Difor er det svært gledeleg å registrere at årets tildeling sikrar Høgskulen i Volda (HVO) finansiering av vidareutdanningstilboda i desse sentrale skulefaga heilt fram til 2025, seier seniorrådgjevar og EVU-koordinator Ole Frank Bakken ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.
Viktig
– Tildelinga i faga norsk, engelsk og matematikk har fleire viktige aspekt. Det handlar om blant anna om store inntekter for høgskulen, men handlar også om det tette samarbeidet med praksisfeltet i lærarutdanningane. Vidare er det viktig for HVO å halde fram det gode samarbeidet med UDIR og andre i UH-sektoren. Erfaringsdeling, kvalitetsarbeid og utvikling av nye tilbod i konkurranse med andre utdanningsinstitusjonar gjer at vi må vere skjerpa og relevante. UDIR er ein krevjande premissleverandør for etter- og vidareutdanning som utfordrar fagmiljøa våre til å tenkje nytt. Særleg har direktoratet vore opptatt av studentaktive læringsformer, praksisretta arbeidskrav, kvalitetssikringsrutinar og digital kompetanse. HVO får skryt for gode søknadar, og utan at det står spesifikt i tildelinga, trur eg at gode resultat frå ei nasjonal evaluering av Kompetanse for kvalitet også fremja HVO sine søknadar, seier Bakken.
Tilboda innanfor dei tre sentrale skulefaga er :
- Engelsk 1:1-7 med kapasitet på 35 studieplassar
- Engelsk 1:5-10 med kapasitet på 35 studieplassar
- Engelsk 2:5-10 med kapasitet på 35 studieplassar
- Matematikk 1:1-7 med kapasitet på 35 studieplassar
- Matematikk 1:5-10 med kapasitet på 35 studieplassar
- Matematikk 2:5-10 med kapasitet på 35 studieplassar
- Norsk 1:1-7 med kapasitet på 35 studieplassar
- Norsk 2:8-13 (nettbasert tilbod) med kapasitet på 50 studieplassar
Nasjonal aktør
EVU-koordinatoren ved Avdeling for lærarutdanning peikar på at den siste tildelinga er heilt avgjerande for EVU-arbeidet på høgskulen, og stadfestar at vi er ein synleg aktør som må reknast med på den nasjonale arena som tilbydar av vidareutdanning for lærarar.
– Eg vil takke fagmiljøa for samarbeid med søknadar. I ein svært hektisk kvardag i starten av semesteret rydda dei tid og brukte mykje ressursar på søknadsskriving, seier Bakken som trur at vidareutdanningar for barnehage vil få større merksemd i åra som kjem.
HVO vil våren 2021 kunne lyse ut 15 vidareutdanningar for lærarar i skule og barnehage. Denne tildelinga sikrar at HVO blir med som ein kompetansetilbydar innanfor Kompetanse for kvalitet (KFK) heilt til kompetanseforskrifta vert sett i verk i 2025.
– Det vert spanande å sjå om det er politisk vilje til å satse vidare utover 2025, kanskje med kompetansekrav i andre skulefag, seier Bakken.