Avslutta med visuell ballade
Mulen var glad for at arbeidsopphaldet hennar strekte seg over to veker. -Fyrste veka var eg mest på ”leiting”. Det var dei siste dagane at ting fall på plass, sa ho. Den digitale balladen ”Ein raud tråd” bestod av ein serie eigne arbeid, både måleri og serigrafi, presentert som ei historie, vakkert tonesett av Alberto Inglesias featuring Vincente Amigo & El Pele. Roleg, melankolsk og stemningsfullt. Innimellom nokre kontrastfylte parti. -Bileta mine er nokså sjølvbiografiske. Visualiserte minne, tankar og draumar, fortalde Mulen. Vid målgruppe Jorunn Mulen trur biletserien kan vere interessant for born i alle aldersgrupper (frå fyrste klasse til vidaregåande skule), men at måten innhaldet vert formidla på og før- og etterarbeidet er ulikt tilrettelagt alt etter klassesteg. Konstruktive tilbakemeldingar - Inspirerande. Vakkert. Du sa mykje med lite…Eg kjende det i magen! Mulen fekk òg konstruktive tilbakemeldingar på endringar som dei erfarne tilhøyrarane meinte ville gjere serien endå betre, og konstruktive forslag på formidlingsopplegg og etterarbeid. Kunstnarstipend |
Tekst og foto: Beate Langeland Mork |
“Når eg målar komponerer eg historier. Strøka på lerretet er spor etter leiting. Nokre gonger veit eg ikke kva eg leitar etter før eg finn det. Mine historier kjem frå ein barndom på vestlandet og frå reiser som førte meg andre stader. Nokre historier blir til ved å gjenkjenne spor som er skapt medan vi er på veg til å finne vår eigen "persona" (maske). Historiene kan bli til i fleire lag. Historiene blir til visuelle ballader. Dei handler om ei lengt etter å finne vegen heim.” Jorunn Mulen |
Her kan du lese meir om Prøvekluten 2008.