– Målet vårt er enda betre undervisning
For at studentane i Volda skal få best mogleg undervisning og for å stette krav om utdanningsfagleg kompetanse, set undervisarane ved Høgskulen i Volda seg på skulebenken for å styrke sin pedagogiske kompetanse.
Dei første faglege tilsette ved Høgskulen i Volda – 18 i talet – blir straks ferdig med det nyoppstarta emnet Pedagogisk basiskompetanse. Dette er ei satsing frå høgskulen for å gjere dei tilsette enda betre i stand til å gi god undervisning.
Å ta dette emnet er ein av måtane å få godkjent utdanningsfagleg kompetanse for opprykk til førsteamanuensis.
Studentane nyt godt
Prorektor ved Høgskulen i Volda Odd Helge Mjellem Tonheim er glad for at det ser ut til å ha gått veldig fint med det første kullet.
– Dette er viktig for oss som høgskule. Først og fremst fordi vi ønsker å gi studentane våre best mogleg utdanning. At stadig fleire av våre tilsette hevar den pedagogiske kompetansen sin er med på å gi betre undervisning, som studentane nyt godt av, påpeikar Tonheim.
Av dei 18 første var det faglege tilsette i alle kategoriar frå høgskulelektor til professor.
– Det er vi glade for å sjå – dette kurset er tilpassa for alle som underviser på høgskolen, seier Silje Ims Lied, som er fagansvarleg for emnet Pedagogisk basiskompetanse og prodekan for utdanning ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.
Dreg nytte av kollegaer
Saman med prorektor Tonheim oppmodar Ims Lied alle tilsette ved høgskulen å ta dette emnet.
– Ein blir betre kjend med si eiga undervisning gjennom dette emnet, og finne ut av kvifor ein underviser som ein gjer. Det er både ei forskande og praktisk tilnærming til dette. Som eit døme har ein kollegarettleiing, som betyr at to kollegaer skal vere inne i ein undervisningstime hos kvarandre, dokumentere og vurdere undervisninga og kome med tilbakemelding. Det er ei svært fruktbar øving, fortel Ims Lied.
– På den måten kan ein også reflektere og utvikle seg saman med gode kollegaer, held Ims Lied fram.
Emnet, som tel 10 studiepoeng, vil gå til hausten igjen med oppstart i oktober. Les meir om emnet her.
Fleire pedagogiske emne
Utdanningsfagleg kompetanse er samleomgrepet Kunnskapsdepartementet har valt å nytte når dei snakkar om kompetansen ein skal ha som undervisar i høgre utdanning. Studietilsynsforskrifta definerer dette innhaldet i tre deler: universitets- og høgskulepedagogikk (UH-ped.), fagdidaktikk og kompetanse til å nytte digital teknologi som fremjer læring.
Høgskulen organiserer tilbod for sine tilsette innanfor alle desse områda.
I tillegg til det nemnde emnet, tilbyr Høgskulen i Volda desse tilboda:
- Rettleiing på fagtekstar
- Digital didaktikk i mitt fag og mine emne
- Profesjonsfagleg digital kompetanse for lærarutdannarar
- Rettleiing av mastergradsstudentar
Les meir om alle tilboda og utdanningsfagleg kompetanse her.