Lettar på Korona-tiltaka
Som følge av nye Covid-19-tiltak frå regjeringa, vil Høgskulen i Volda (HVO) opne for meir fysisk undervisning frå 1. februar. For at tilhøva skal vere så føreseielege som råd, vil den digitale undervisninga halde fram ut januar, som tidlegare kommunisert. Samlingsbasert undervisning vil vere digital ut februar.
Kriseleiinga ved HVO har vedteke å opne for fysisk undervisning frå 1. februar. Studentar og tilsette vert oppmoda om å følgje informasjon i Canvas og på HVO sine Korona-sider. Her finn du snarvegar til nasjonale og regionale retningslinjer.
Førebels er dette gjeldande tiltak:
Undervisning
- Det vert opna for mest mogleg fysisk undervisning frå 1. februar
- Digital undervisning vil halde fram som planlagt ut januar. Det kan vere unntak, til dømes for praktisk undervisning
- All informasjon om dette vert gitt direkte i emnerom i Canvas
- I klasserom vil studentane sitte med ein meters avstand. I auditorium vil anna kvart sete bli nytta, og her er det sterkt tilrådd å nytte munnbind
- For å halde avstandskrav vil HVO leige ekstra undervisningslokale og utvide undervisningstida.
- Samlingsbasert undervisning vil vere digital ut februar. Eventuelle unntak vert kommunisert i Canvas
Arrangement og trening
- HVO følgjer framleis dei nasjonale retningslinjene når det gjeld arrangement
- Det vil bli opna for trening for studentar og tilsette i Idrettsbygget med maks 20 personar og ein meters avstand
- Ved intensiv trening skal ein halde to meters avstand. Kontaktidrett er ikkje tillete innandørs
- Alle som trenar har eit ansvar for at smittevern vert teke godt i vare
Generelt smittevern på høgskuleområdet
- Hald minst ein meters avstand til andre dersom det er mogleg
- Dersom det ikkje er mogleg å halde ein meters avstand, tilrår vi sterkt at ein nyttar munnbind på høgskuleområdet. Dette i tråd med det nasjonale påbodet om å bruke munnbind innandørs på kjøpesenter, kollektivtransport, med meir
- Vask hendene og ha god hygiene
- Bli heime dersom du er sjuk
- Høgskulen held fram med forsterka reinhald og ventilasjonsanlegga går med full effekt
Kriseleiinga ved HVO kjem med informasjon om eksamen i vårsemesteret så snart som råd. Regjeringa har varsla at dei nasjonale tiltaka vil bli vurdert løpande, og at dei vil ta ei heilskapleg vurdering i starten av februar.