Volda-studentar med i Gullruten-jury
Seks studentar ved Høgskulen i Volda har vore med på å avgjere kven som skal få dei prestisjetunge Gullruten-prisane under det direktesende TV-showet laurdag 11. mai.
Med glitter og glam skal den norske TV-bransjen feire seg sjølv og kåre dei best augneblinka og produksjonane for året som er gått. Og når Sigrid Bonde Tusvik går på scena i Grieghallen i Bergen for å leie kvelden, sit fleire Volda-studentar i salen.
Stor oppleving
I halvparten av alle dei 12 ulike Gullruten-juryane har det sete ein student frå Høgskulen i Volda (HVO) – tre frå journalistikk og tre frå medieproduksjon; Lisa Mari Myrene, Emil Skog Sandø, Gjøri Larsdatter Dalsbø, Silje-Lisette Tennøy, Jørgen Wear og Caroline Simonsen. I tillegg til HVO er det berre studentar frå Høyskolen Kristiania som er representert i juryane.
– Det vert litt rart å sitje i salen og ha vore med på å bestemme prisane. Heilt sikkert ei stor oppleving, trur Tennøy.
Saman med studentane har også to tilsette frå HVO vore med i juryarbeidet – Mari Lome, studiekonsulent ved Avdeling for mediefag, og høgskulelektor Steinar Høydal. Lome har tidlegare arbeidd med Gullruten, veit kva det går ut på og var med på få dei flinke studentane inn i juryen.
– Dette er ei fjør i hatten for Høgskulen i Volda, og det viser at våre studentar er attraktive og har noko å fare med fagleg sett, seier Lome.
Spesiell erfaring
Dei ulike juryane er sett saman tverrfagleg og inneheld blant anna folk frå TV-produksjonsmiljøet, fagpersonar frå til dømes universitet eller høgskular og studentar. Alle jurymedlemmane brukar lang tid på å sjå gjennom aktuelle kandidatar i sin kategori før dei sender inn si rangering. Deretter har juryen hatt telefonmøte for å avgjere kven som skal få den gjeve prisen på scena laurdag kveld.
– Det har vore lærerikt å få med seg korleis erfarne folk i bransjen vurderer ulike saker. Gjennom dette arbeidet har vi studentane fått brukt kompetansen vi har tileigna oss gjennom studiet på ein litt anna måte enn til vanleg, fortel student Tennøy.
Juryarbeidet er ei erfaring som er gull verdt for studentane, meiner Lome:
– I telefonmøte har studentane mått argumentere for sine faglege tankar og standpunkt. Og det i møte med personar som kanskje har 30 års erfaring frå bransjen og som kan vere deira framtidige arbeidsgivarar.
PS! Gullruten sendast på TV 2 laurdag 11. mai kl. 21.40.