Rik sanseoppleving og læring på ekskursjon

Tekst: Per Straume , Foto: Katrine Mæhlum Pilskog

Læring utanfor klasserom og utan skjermar er så langt ifrå utdatert. Berre spør studentane som nyleg var på ekskursjon og fekk ta i bruk sansane sine både til havs og til lands.

Det var grunnskulelærarstudentane 5.-10. trinn som tek samfunnsfag og emnet 2B globale perspektiv i samfunnsfaget som gjennom to dagar på ekskursjon fekk unike opplevingar. Dei 36 studentane vart delt i to grupper, der dei kvar sin dag bytta på å få vere med båten Hindholmen på fiske og besøk på Runde Miljøsenter.

– Lærte utruleg mykje 

I emnet undersøkast studentane sin stadsidentitet, og ein kartlegg kva slags stads- og regional identitet dei sjølve har utvikla, og refleksjonar kring dette, i eit produksjons- og konsumpsjonsperspektiv. Innsikta skal gi studentane eit utgangspunkt for å reflektere over deira påverknad på framtidige elevar sin identitetsdanning, med vekt på stadsidentitet.  

Under dagen ute på havet ble studentene satt til å ordne fiskeutstyr av ulike slag, fiske og lage velsmakende måltid ut av det. Med hjelp frå eit erfarent mannskap vart det ei spesielt kjekk oppleving for studentane.

– Dette er ein dag eg seint vil gløyme. Eg lærte så utruleg mykje, og hadde det kjempeartig heile dagen. Sjølv om det var mye regn, så tenkte vi liksom ikkje over det, for det var så gøy. Mannskapet var fantastisk artig, og vi koste oss skikkelig, fortel student Malin Krogsæther Giske. 

 

Annaleis utandørs

Den andre dagen fekk studentane eit innblikk i arbeidet Runde Miljøsenter driv med. Dei fekk lære om lundefuglane på Runde og livet i havet med mellom anna korleis silda flyttar seg frå nord til sør for å gyte. Mindre lystig, men svært så lærerikt, var det dei høyre om søppel i havet og konsekvensane det har for dyrelivet. Heldigvis fekk dei også med seg gode tips om korleis ein kan motarbeide slik forureining.

Viktige erfaringar, meiner Trudi Henrydotter Eikrem. Førstelektoren ved Høgskulen i Volda var ansvarleg for ekskursjonen og er svært glad for å ta med studentane utandørs og til regionen rundt oss for å lære.

– Ekskursjon er absolutt ikkje avleggs, og denne turen har studentane stort utbytte av. Dei får høve til å reflektere kring læring der sansane blir stimulert, kontra klasseroms- og skjermlæring som i mindre grad stimulerer sanseapparatet. Det er viktig for framtidige lærarar å kunne balansere innsikt i teknologiens pedagogiske avgrensingar, slik at dei samstundes som å lære å bruke digitale verktøy, vil bruke dei målretta og kritisk, påpeikar Eikrem.

Del på