Vidareutdanning: Helsefag for sosialarbeidarar

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Endringar i organiseringa av velferdstilbod fører til at sosialarbeidarar i dag møter situasjonar der helsefagleg kompetanse vert etterspurt. Høgskulen i Volda tilbyr som den einaste høgskulen i landet vidareutdanninga «Helsefag for sosialarbeidarar». Det tredje kullet startar på nyåret 2019.

– Signal frå arbeidsmarknaden tyder på at studiet gir nødvendig og etterspurt tverrfagleg kompetanse. Tilbodet er også spennande fordi Høgskulen i Volda vil drive utdanninga på ein utradisjonell måte – gjennom ein kombinasjon av nettstudium og med samlingar. Dette er det første tilbodet på sosialfag etter ein slik modell, sa rektor Johann Roppen til det første kullet på denne vidareutdanninga våren 2017.

Charlotte Brundtland, Oda Strømstad Sunde, Malin Elvedal Grendal, Silje Helene Vågen og Marte Nystøyl Sæther var alle ferdig sosionomutdanna ved Høgskulen i Volda (HVO) våren 2016, men var meir enn klar for å sette seg på skulebenken igjen då dei fekk høyre om den nye vidareutdanninga.

Fire av femkløveret har fått seg relevante jobbar etter at dei vart ferdig utdanna sosialarbeidarar, men dei har allereie merka at det hadde vore ein fordel med meir helsefagleg kompetanse.

– Helsefag er noko som manglar i sosionomutdanninga, og når dette tilbodet kom rett etter at eg var ferdig utdanna skjønte eg ikkje kvifor eg skulle vente med å ta den. Difor valde eg å ta denne utdanninga, seier Brundtland.

Les meir: 

 

 

 

 

Del på