Opptak til studium med studiestart våren 2019
– Høgskulen i Volda opnar no for søking til ei rekkje studietilbod med studiestart våren 2019. Dette er både heiltidsstudium, samlingsbaserte deltidsstudium og reine nettstudium innanfor fagområde som språk, historie, matematikk, kunst og handverk, journalistikk, krisehandtering, offentleg rett, helse- og sosialfag, administrasjon og leiing, seier studiedirektør Gonnie Smit.
Livslang læring og fleksibilitet i utdanningane
Høgre utdanning og forsking er viktig for omstilling og velferd, økonomisk vekst og sosial utvikling for samfunnet og den enkelte. Høgskulen i Volda (HVO) satsar mykje på å utvikle fleksible undervisingsformer, styrkje teknisk infrastruktur og heve fagleg- pedagogisk kompetanse for vidare satsing på digitalisering og fleksible studietilbod på ulike nivå med høg kvalitet. Høgskulen si største satsing på etter- og vidareutdanning er innanfor offentleg sektor der HVO tilbyr ei rekkje grunnutdanningar som grunnskulelærarutdanning, barnehagelærarutdanning, barnevern- og sosionomutdanning, administrasjon og planlegging.
Ny infrastruktur og digital didaktikk
For å auke kvaliteten på nettstudia vart det i 2017 investert i nytt studio for produksjon av undervisningsvideoar. HVO styrka den pedagogiske kompetansen gjennom utvikling av kurs i høgskulepedagogikk om digital didaktikk knytt til ulike fag.
Blant landets største
– Høgskulen har i dag i underkant av 1300 deltidsstudentar og er blant landets største tilbydarar av reine nettstudium, opplyser studiedirektør Smit.
Søknadsfrist
Dei aller fleste studia høgskulen no lyser ut, har fortløpande opptak.