Pilotprosjekt om mogleg mastersamarbeid

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Fagmiljøa i musikk og kunst og handverk ved Høgskulen i Volda er del av eit pilotprosjekt som har fått 350 000 kroner for å arbeide for eit mastertilbod i dei estetiske faga på Vestlandet.

I prosjektsøknaden er målet skildra som ønske om å utvikle utdanningskvalitet i masterprogram i praktisk-estetiske fag innanfor UH-nett Vest, som består av Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Stavanger og Høgskulen i Volda. Prosjektet går over to år.

Godt på veg

Frå Høgskulen i Volda er førsteamanuensisane Karen Brænne (kunst og handverk) og Stein Helge Solstad (musikk) med i prosjektarbeidet.

– Det er ikkje vår hovudintensjon å få på plass eit mastertilbod i Volda, men vi er opptekne av å bevare ein master på Vestlandet (Stord), som kan utviklast på ein måte som gjer dette til eit reelt tilbod for våre studentar. Her er vi no godt på veg, fortel Brænne.

Bygger vidare frå Volda

Tilsette ved Høgskulen i Volda er allereie involverte som rettleiarar i masterutdanninga Høgskulen på Vestlandet campus Stord har i dag. 

– Vi jobbar også saman om å utvikle innhaldet i Stord-masteren slik at våre studentar møter faglitteratur og tema som bygger vidare på det dei får gjennom vårt bachelorprogram i dei praktiske-estetiske faga. Fagdisiplinar involvert er så langt skulefaga musikk og kunst og handverk, seier Brænne.

Det vil seie at studentar som tek ein bachelorgrad i Design, kunst og handverk og Musikk ved Høgskulen i Volda kan søke seg inn på mastergrada Kreative fag og lærerprosesser på Stord. Slik masteren er bygd opp i dag, er det mogleg å ta den både heiltid (2 år), deltid (4 år) og som ein kombinasjon av desse (3 år).
 

Del på