HVO-kunstnar med utstilling
I samband med Trebåtfestivalen i Ulsteinvik har Ulstein Kunstlag ei utstilling med kunstnaren Robert Steinnes. Steinnes er lærar og verksmeister ved Seksjon for design, kunst og handverk ved Høgskulen i Volda.

Robert Steinnes (i midten) i samtale med publikum. Foto: Svein Eiksund.
I samband med Trebåtfestivalen i Ulsteinvik har Ulstein Kunstlag ei utstilling med kunstnaren Robert Steinnes. Steinnes er lærar og verksmeister ved Seksjon for design, kunst og handverk ved Høgskulen i Volda.
Robert Steinnes (46) er utdanna frå Statens Handverks- og kunstindustriskule i Oslo der han gjekk han tre år på Institutt for metall. Steinnes har også gått i lære hos Aksel Tostrup og Kirsten Kokkin.

Foto: Svein Eiksund.
Menneske er eit gjennomgåande tema i arbeida hans.
– Eg ønskjer å fange ulike stemningar i uttrykk og sinnstilstandar, seier han.
Robert Steinnes fortel om arbeida sine.
Utstillinga i regi av Ulstein Kunstlag opna fredag 14. august i andre etasje i Amfisenteret i Ulsteinvik og vil vere open til og med 29. august.
Lenker
Seksjon for design, kunst og handverk