Om Høgskulen i Volda

  • - Ta del i studentundersøkinga

    Publisert

    - Har du kritikk mot emna du tok i haust bør du svare på undersøkinga som no ligg ute i ClassFronter, oppfordrar studieansvarleg Olav Øye i Studenttinget i Volda (STIV). Studentrepresentanten meinar dette er viktig for at høgskulen skal ha eit representativt bilete av studentane si meining.

  • Feira med festskrift

    Publisert

    Dekanus ved Avdeling for humanistiske fag, Kjell-Arild Madssen, fyller 60 år. På ei tilstelling fredag 22. oktober fekk han både eit festskrift og rosande omtale for arbeidet han har utført for Høgskulen i Volda.

  • Statsbudsjettet: Volda i pluss etter at fleire fullfører studia

    Publisert

    - Høgskulen i Volda teke inn fleire studentar og auka talet på studentar som fullfører studia. Dette gir eit godt pluss i løyvingane som er føreslegne i statsbudsjettet, kommenterer rektor Gunnar Stave ved Høgskulen i Volda. Men samstundes føreslår regjeringa å kutte i talet på studieplassar neste år, trass i at behovet for høgre utdanning aukar.

  • Samlande avtale mellom samskipnaden og høgskulen

    Publisert

    - Vi har alltid hatt eit godt samarbeid med Studentsamskipnaden for Sunnmøre, og no er fleire ordningar samla i ein avtale, melder høgskuledirektør Jacob Kjøde jr. Avtalen sikrar mellom anna reserverte hyblar og ei spesiell bankordning for utanlandsstudentar.

  • HVO-veven nominert til årets offentlige nettsted

    Publisert

    10 statlige og 11 kommunale nettsteder er nominert til årets offentlige nettsted 2004. Det skal deles ut to priser, en til årets statlige nettsted og en til årets kommunale nettsted 2004. Kåringen er et samarbeid mellom Kommunal Rapport og Norge.no.

  • Opptaket: Fin tendens for HVO

    Publisert

    - Opptakstala gir oss grunn til å vere optimistiske, seier rektor Gunnar Stave. Førskulelærarutdanninga viser ein solid framgang. Søknaden er også svært god til sosionom og barnevern, bachelorgraden i media, IKT og design, journalistutdanningane og animasjon. Totalt så har søkjartala til HVO gått opp med 5,6% i høve til i fjor.

  • Verdens bokdag i Volda

    Publisert

    - Vi har skreve og lese om ein forfattar, og laga ”Mi litteraturhistorie”, fortel Ingrid Telset Heltne (11), Andreas Brandal (11) og Fride Fiskergård Vidnes (12). På Verdens bokdag fredag var klasse 6A ved Bratteberg skule på vitjing på biblioteket ved Høgskulen i Volda.

  • Studentane i Volda er godt nøgde

    Publisert

    I den nasjonale undersøking om tilfredsheit stadfestar Høgskulen i Volda sin posisjon som ein triveleg stad å studere. I Volda var det studentane frå som Friluftsliv og kroppsøving tok del i undersøkinga, og var av dei som varmast anbefalte studiestaden sin.

  • Elevar ved Volda vidaregåande skule vitjar HVO

    Publisert

    Maria Vassbotn og Katrine Nybø går på Volda vidaregåande skule. Måndag 1. mars besøkte dei og resten av klassen Høgskulen i Volda for å bli orienterte om studietilboda ved høgskulen. Dei to andreklassingane har ikkje heilt bestemt seg for kva dei vil studere enno, men Maria seier ho helst vil studere journalistikk. Katrine er mest interessert i utdanningar innan helsesektoren.

  • HVO gjorde eit godt studentopptak hausten 2003

    Publisert

    Tala frå Samordna opptak (SO) syner at HVO gjorde eit svært godt opptak i fjor. Av dei 1343 som fekk tilbod om studieplass gjennom SO, møtte 790 opp ved semesterstart. Det er ny rekord. I tillegg fekk høgskulen godt tilslag på etter- og vidareutdanningstilboda sine gjennom det lokale opptaket.