Samlande avtale mellom samskipnaden og høgskulen

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Studentsamskipnaden for Sunnmøre (SfS) reserverar eit avgrensa tal studentbustader for utanlandske studentar/utvekslingsstudentar ved Porse og eventuelt Heltne. I tillegg vil SfS kunne reservere eit fast tal hyblar for NUS-studentar kvart år, fortel høgskuledirektøren.

- Eit viktig ledd i å gjere mottaket av internasjonale studentar så godt som mogleg er ei eiga bankordning som gjev utanlandske studentar ei mellombels bankkontoløysing, seier Kjøde. Utanlandske studentar er også avhengig av norske bankkontoar, men dette kan ta tid å få ordna, difor er det også mogleg for desse studentane å ta ut eit lite forskot i starten av studieåret.


www.studentsamskipnaden.no
Studentsamskipnaden for Sunnmøre er ofte det første nye studentar møter i Volda– og ekspedisjonen er plassert nær hovudinngangen til Berte Kanutte-huset ved Høgskulen i Volda. Ved semesterstart og utetter studieåret får studentane ordna nesten alle sosiale tilhøve ved opphaldet i Volda. Studentsamskipnaden for Sunnmøre driv mellom anna kantine, bokhandel, barnehage, samt studenthyblane. I tillegg samarbeider høgskulen med SfS om psykologisk og sosial rådgjevingsteneste for studentar, administrasjon av idrettsanlegg, studentkro/studenthus og studenthytta.

Del på