Lærarutdanninga

  • Gamlem

    11 millionar til forskingsprosjekt

    Publisert

    Norges forskningsråd har løyvt over 11 millionar kroner til prosjektet «Artificial Intelligence for Assessment for Learning to Improve Learning and Teaching in 21st Century». – Målet med prosjektet er å bruke kunstig intelligens å utvikle teknologi som kan analysere elevar sine tekstar og gje semantiske, syntaktiske og sentimentale tilbakemeldingar tilpassa den enkelte elev, seier professor Siv Måseidvåg Gamlem.

  • Fagdag om nynorsk i lærarutdanninga

    Ulstein ungdomsskule blir lærarutdanningsskule

    Publisert

    Høgskulen i Volda og Ulstein ungdomsskule har signert ein avtale om samarbeid når det gjeld praksis i lærarutdanninga. – Dette er ei utviding av den ordinære avtalen om praksisopplæring i grunnskulelærarutdanningane og har som mål å utvikle kvalitet og samarbeid i lærarutdanninga, seier LU-koordinator Kjersti Markegård.

  • Fagdag om nynorsk i lærarutdanninga

    Kompetanse for kvalitet - ledige studieplassar

    Publisert

    Høgskulen i Volda opnar no for opptak til ledige plassar i ordninga Kompetanse for kvalitet. – Tilboda har ikkje studieavgift, seier seniorrådgjevar Ole Frank Bakken ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.

  • Fagdag om nynorsk i lærarutdanninga

    KFK - 30 prosent fleire søkarar

    Publisert

    – Heile 240 lærarar og barnehagelærarar har søkt Utdanningsdirektoratet om opptak til Høgskulen i Volda sine studietilbod innanfor Kompetanse for kvalitet i 2021, ein auke på 61 i høve til i fjor, seier seniorrådgjevar Ole Frank Bakken ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.

  • ITS VOLDA 2021

    Publisert

    Høgskulen i Volda (HVO) skal 20.-21. april arrangere ITS Volda-konferansen, ein internasjonal konferanse for lærarstudentar i Volda og ved nokre av våre europeiske partnarhøgskular. Tema i år er korleis skular og høgre utdanning har takla pandemien.

  • Internasjonalt på kjøkkenet

    Publisert

    Mat frå ulike land og kulturar er sentrale emne i vidareutdanninga Mat, kultur og konservering. Fredag 19. mars fekk studentane innblikk i filippinsk mat og matkultur og persisk nyttårsfeiring, Nowroz.

  • Programmering og algoritmisk tenking i musikk

    Publisert

    Utdanningsdirektoratet har laga digitale kompetansepakkar som skal støtte skuleleiarar og lærarar i arbeidet med å ta i bruk nytt læreplanverk i skulen. Kompetansepakken «Musikk 1- 10 Programmering og algoritmisk tenking» er utvikla ved Høgskulen i Volda.

  • Master i barnehagekunnskap

    Mastergrad med heilskapleg tilnærming til barnehagens læringsmiljø

    Publisert

    Mastergraden i barnehagekunnskap set søkjelys på ei heilskapleg tilnærming til barnehagens læringsmiljø. – Studiet vil styrke arbeidet mitt når det gjeld å leie og utvikle barnehagen som organisasjon, seier styrar Ingrid Huse i Harøy barnehage i Ålesund kommune.

  • Ny og unik masterutdanning

    Publisert

    – Høgskulen i Volda tilbyr ein ny og unik Master i skriftkulturar. Med utgangspunkt i faga norsk og engelsk, set den nye masterutdanninga søkjelyset på tilhøvet mellom ulike kulturar og dei ulike skriftspråka og tekstane som er med på å forme dei, seier fagansvarleg førsteamanuensis Stig Helset.