Høgskulen i Volda var saman med Høgskolen i Ålesund og Molde representert på utdanningsmesse i Oslo denne veka. Utdanning og Yrke 2007 er ei messe som som har utstillarar frå høgskular, universitet, friskular, og folkehøgskular frå alle kantar i Noreg, samt utdanningsinstitusjonar i utlandet. - Folk verkar overraska over at HVO kan tilby så mange fag forutan journalistutdanninga, seier student Camilla Sørheim.