Ny studiekatalog – fire nye mastergrader

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Mastergrada i helse- og sosialfag siktar mot å styrkje helse- og sosialarbeidarane sin kompetanse i relasjonsarbeid retta mot einskildpersonar, familiar og grupper. Utdanninga byggjer på minimum 3-årig grunnutdanning i sosialfagleg eller helsefagleg arbeid eller annan relevant utdanningsløp på minimum 3 års omfang.

Mastergrad i kulturmøte byggjer på bachelorgrad eller tilsvarande, med fordjupning innan historie eller religion. Ei av studieretningane i den mastergraden er om konfliktene i Midt-Austen.

Mastergrad i grunnskulens norskfag og mastergrad i grunnskulens matematikkfag vert tilbodne i samarbeid med Høgskolen i Sør-Trøndelag. Dei 2-årige mastergradsstudia byggjer på dei tre første åra i allmennlærarutdanninga.


Distribusjon av studieinformasjon
Høgskulen i Volda sin nye studiekatalog vert distribuert til avgangselevar i vidaregåande skular, folkehøgskular, på høgre utdanningsinstitusjonar, aetat, det militære og på utdanningsmesser og yrkesorienteringar over store delar av landet.

Gå direkte til Studiekatalogen 2006 / 2007

Del på