Info til alle

  • Helgetantene

    Publisert

    Kvart semester arrangerar Studentsamskipnaden helgeavlasting for studentar med born i barnehage- og småskulealder. Borna bur i Røysmarka barnehage saman med helgetantene.

  • Ung med store ideer

    Publisert

    Amina Loukili snakker fire språk, har bodd i fire forskjellige land, er ferdig med to mastergrader, og jobber som forsker og foreleser på media avdelingen. Bare 26 år gammel er hun Høgskulens yngste ansatte.

  • Nettsatsing for journaliststudentane

    Publisert

    Måndag 18. februar starta journaliststudentane ved høgskulen åtte veker internpraksis. Dei to første vekene står nettpublisering på programmet for alle radio-, fjernsyns- og avisstudentane. Stian Fjelldal frå Nettavisen er alt på plass i nettredaksjonen for å vurdera arbeidet deira.

  • Tidlegare dramastudent i filmen "Lange flate ballær 2"

    Publisert

    Tidlegare dramastudent Henrik Morken Nielsen har gjort stor suksess i filmen "Lange Flate Ballær", der han spelar den lett hysteriske Helge.
    – Dramastudiet i Volda var ei nyttig erfaring som har kome godt med, kommenterar han.

  • Studentradioen går på scena

    Publisert

    Laurdag 16. februar inviterer Volda Studentradio til Rokken i Live for tredje år på rad. Dei ulike redaksjonane i studentradioen står
    for underhaldninga denne kvelden.

  • Glimt frå internasjonal dag

    Publisert

    I dag har det vore internasjonal dag her på høgskulen, med mykje spennande program og kulturopplevingar. Berte-Kanutte var pynta med fargerike menneske frå fleire land, som saman skapte ei fantastisk atmosfære for resten av studentane og dei tilsette.

  • Suksessfulle Vinterleikar på Rokken

    Publisert

    - Med svært nøgde artistar og mykje folk nesten kvar dag, kan me ikkje anna enn å vera tilfreds med veka som gjekk, seier avtroppande bookingansvarleg på Rokken, Mikal Vassbotn. Han vonar at også Voldastudentane ser seg nøgde med konsertveka som gjekk.

  • Ny bok i serien Kyrkjefag Profil

    Publisert

    ”Åndene og ånden” er ei bok som reflekterer rundt møtet mellom afrikansk tradisjonell religion og kristen livsforståing. Forfattar Ottar Berge, cand. theol., tidlegare prest og amanuensis i kyrkjefag ved Høgskulen i Volda, er for tida tilknytt Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag.

  • Ny leiar i STiV

    Publisert

    Ole Martinus Breivik vart valt som ny leiar for STiV under studenttingsmøtet torsdag 31. januar. Han overtek dermed det utfordrande arbeidet avtroppande leiar Lars Vegard Bachmann har hatt med å få studentane i Volda til å engasjera seg.