Ny bok i serien Kyrkjefag Profil
”Åndene og ånden” er ei bok som reflekterer rundt møtet mellom afrikansk tradisjonell religion og kristen livsforståing. Forfattar Ottar Berge, cand. theol., tidlegare prest og amanuensis i kyrkjefag ved Høgskulen i Volda, er for tida tilknytt Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag.
Tematikken ”Åndene og ånden” tek opp har til no vore mangelvare på norsk. Boka beskriv det spanande møtet mellom afrikansk religion og kristendom, samt korleis møtet med tradisjonell afrikansk religion og kultur har sett sitt preg på den afrikanske kristendomen. Det vert lagt særleg vekt på korleis kristendomen har verka inn på afrikansk åndetru – og omvendt. Forfattar Berge har opparbeida seg mykje kunnskap rundt den afrikanske kulturen og religionen, då han er oppvaksen på Madagaskar og i dei seinare år har hatt fleire studieopphald i Etiopia, Kenya , Tanzania og på Madagaskar.
![]() |
”Åndene og ånden” er nummer åtte i serien Kyrkjefag Profil, ein skriftserie frå Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag ved Høgskulen i Volda. Boka kom ut på Tapir Akademisk Forlag førre veke