Info til alle

  • Studentar startar miljølag ved høgskulen

    Publisert

    Fire ivrige voldastudentar er godt i gang med å skipe ein miljøorganisasjon for studentar ved Høgskulen i Volda. - 1. april vert det skipingsmøte ved skulen, og dette er ingen spøk, melder Eirik Stokstad Brødholt, Jørgen Grebstad, Anders Myklebust og Erlend Viken.

  • Hev kompetansen!

    Publisert

    I desse dagar sender vi ut eit hefte med alle deltidstilboda til alle husstandar på Søre. Deltidsstudia våre er tilpassa ulike målgrupper og studiesituasjonar. Studieformene kan variere mellom å vere samlingsbaserte, reine nettstudium, eller ein kombinasjon. Dette gjer det mogleg å kombinere studium med ein arbeidssituasjon.

  • Ein smakebit av Høgskulen

    Publisert

    I dag har 9. klasse elevar frå Volda ungdomsskule vore her på Høgskulen og delteke i undervisning. Dei har fått sett og prøvd korleis det er å vere student, og ikkje minst fått ein smakebit av dei ulike studietilboda. Studentar og tilsette har gitt elevane ein dag med spennande aktivitetar og nyttig informasjon.

  • Høgskoleforskning møter næringslivets behov

    Publisert

    Høgskolelektor Bjørn Gunnar Tafjord ved Høgskulen i Volda (HVO) er prosjektleder for Forskningsrådsprogrammene VRI og FORNY. Målet med disse prosjektene er å bidra til innovasjon og videreutvikling av samarbeidet mellom HVO og det regionale næringsliv.

  • Historisk samarbeid gjennom Karriereprosjektet

    Publisert

    I morgon og fredag 14. mars kjem om lag hundre 9. klasse elevar frå Volda og Ørsta til Høgskulen for å ta del i undervisning. Elevane er med i Karriereprosjektet, der faget ”Programfag for val” mellom anna skal betre karriererettleiinga for elevar i ungdomsskulen. Prosjektet er eit historisk samarbeid mellom grunnskulane, dei vidaregåande skulane, Høgskulen i Volda og næringslivet i Ørsta/Volda.

  • Har du lyst å reise og studere samstundes?

    Publisert

    Austral-Asiatiske kulturstudium er kanskje Noregs sprekaste studietilbod, og er kun for deg som studerer ved Høgskulen i Volda (HVO).
    - You get to see the world together with a cultural exchange, seier Tengyo Kura (Pokemòn)

  • Voldafilm til topps på Minimalen

    Publisert

    Volda-studentene Aleksander Olai Korsnes og Anders Bremnes vant festivalprisen for beste film på Minimalen kortfilmfestival 2008. For filmen, Radio Ila, fikk de premie på hele 10 000 kroner!

  • Firda vidaregåande i Studio 3

    Publisert

    Elevar frå Medium og kommunikasjonslinja ved Firda vidaregåande skule i Sogn og Fjordane vitja torsdag og fredag høgskulen for å øva seg på avvikling av fjernsynssendingar. Etter å ha sett fjernsynsstudentane ved journalistutdanninga under Nærsynet- sendinga torsdag, fekk dei fredag sjølve prøva seg bak og framfor kamera.

  • Volda Students visiting Norwegian Media

    Publisert

    Seven international and Norwegian students from the Faculty of Media and Journalism attending the course Media and Democracy spent two intensive days this week touring Norwegian media in Oslo

  • Spenningskurs på Bjorli i helga - 400 deltakarar

    Publisert

    Til helga reiser idrettsstudentar til Bjorli for å vere instruktørar på Spenningskurset, som varer frå måndag 10.mars til fredag 14. mars. Målet er å skape ei opplevingsveke i vinterfjellet, for dei med særskilt behov for tilpassa fysisk opplæring.