Opne prøveforelesingar måndag 16. juni
Opne prøveforelesingar:
Kl. 09.00: "Diskuter bruken av kvantitative kontra kvalitative metodar innanfor sosiolingvistikken" ved Bjarte Haugsgjerd
Kl.10.00: "Diskuter bruken av kvantitative kontra kvalitative metodar i studiar av haldningar" ved Mette Opsal
Kl.11.00:"Diskuter påstanden "Norsk er eit truga språk" i lys av generell språkskifteteori. Samanlikn eventuelt med andre språk i Noreg og Europa" ved Marit Wadsten
Mastergraden i nynorsk skriftkultur
Studiet tek opp skriftkulturen allment og bruker det nynorske som eksempel på korleis menneska har forma skrifta, og på korleis skrifta har forma dei. Mastergraden er ei to-årig utdanning (120 studiepoeng), og du må ha utdanning på bachelornivå eller tilsvarande for å byrje på studiet. Du kan ta studiet på heiltid eller på deltid.
HVO er den einaste institusjonen i landet som tilbyr eit mastergradsstudium i nynorsk skriftkultur. Ivar Aasen-instituttet har knutepunktfunksjonen for nynorsk skriftkultur i Noregs-nettet.
Les meir om Mastergrad i nynorsk skriftkultur i studiekatalogen eller på Ivar Aasen-instituttet sine sider.