Kristin Clemet opna nasjonalt senter for nynorsk

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa skal vere knutepunkt for eit nettverk av ressursar, og slik leie og koordinere arbeidet med nynorsk i opplæringa, arbeidsmåtar og vurderingsformar, forklarte prosjektleiar Anne Steinsvik Nordal under opninga.
- Senteret skal medverke til kompetanseutvikling og tilby støtte og rettleiing i arbeidet med motivasjon for og læring av nynorsk.

Sol i Volda
- Vi er svært heldige med været også, kommenterte Kristin Clemet då ho kom til Volda i strålande solskin.
Utdanningsministeren fekk oppleve vinnarane av Grand Prix på Volda ungdomsskule og utdrag frå Ivar Aasen-musikalen av musikklinja ved Volda vidaregåande skule under lunsjen i kantina ved Høgskulen i Volda, før hø møtte til pressekonferanse.

clemetsignerer520

Etterpå var det duka for den offisielle opninga av Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, der forskings- og utdanningsminister Kristin Clemet sette signaturen sin på ein veggplakett som vart overrekt prosjektleiar Anne Steinvik Nordal (t.h).

Innhaldet i faget
- I tillegg til forsøks- og utviklingsarbeid for å fremje nynorskopplæringa, skal arbeidet vere retta mot innhaldet i faget. Ein tek sikte på tiltak som vil styrkje kompetansen, og som kan fremje motivasjonen hos elevar og lærarar, seier Kristin Clemet i ei pressemeldinga som vart delt ut før opninga.
Les pressemeldinga


Konferanse: Nynorsk i opplæringa
Torsdag 31. mars følgjer ei konferanse om nynorsk i opplæringa ved Høgskulen i Volda. Innleiarar er

  • Knut Åge Teigen – Bærumsforsøket ’ Betre sidemålsopplæring i Bærum’.
  • Torill Tørjesen – Holmlia skole- nynorsk som sidemål ’ Forsøk med å bruke nynorsk i andre fag enn norsk’.
  • Synnøve Matre – Dei yngste barna og nynorsken.
  • Bjørn Kvalsvik Nicolaysen - Nynorsken si rolle for tilgang til kommunikasjonskultur og demokrati.
  • Kjell Lars Berge – Fagleg og tverrfagleg skriveopplæring - kva er utfordringane for nynorskopplæringa i og med innføringa av nasjonale prøver i skriving og læreplanar der skriving er ein grunnkompetanse.
  • Benthe Kolberg Jansson – Nynorsken, norskfaget og lærarutdanninga.
  • Roger Lockertsen – Nynorskopplæring i vidaregåande skule og lærarutdanninga.

Del på