Publisert på forlaget Palgrave Macmillan
Professor Knut-Willy Sæther ved Institutt for religion og livssyn har saman med Thomas John Hastings ved Princeton Theological Seminary redigert boka «The Grace of Being Fallible in Philosophy, Theology, and Religion» på forlaget Palgrave Macmillan.
Professor Sæther og Hastings har saman skrive det innleiande kapittelet i boka, «A Fallibilist Approach in the Age of COVID-19 and Climate Change».
Knut-Willy Sæther har også bidrege med eit eige kapittel, «The Many Faces of Fallibilism: Exploring Fallibilism in Science, Philosophy, and Theology». Førsteamanuensis Jonas Gamborg Lillebø, som også er tilsett ved Institutt for religion og livssyn, har skrive eit kapittel med tittelen «Fallibilism, Problematization, and the History of Thought».
Dei ni kapitla i boka er skrivne av forfattar frå USA, Asia og Europa, og frå kjende institusjonar som Princeton, Yale og Fuller.