Internasjonalt forskarsamarbeid
Postdoktor Valeria Iaconis frå Universitetet i Zürich har vore mykje av haustsemesteret i Volda for å samarbeide med professor Marie Nedregotten Sørbø ved Institutt for språk og litteratur. Begge forskarane er opptekne av kvinnelege forfattarar i Europa og om litteraturhistoriene våre gir eit rett bilete av kvinnene sine bidrag.
– Eg er italiensk, men reiste frå Italia etter eg hadde fullført ein master i italiensk litteratur i 2014. Etter eit studieopphald i Tyskland vart det Universitetet i Zürich i Sveits der eg tok ein doktorgrad i italiensk litteratur.
Mot slutten av ph.d.-arbeidet sitt begynte Iaconis å førebu vidare forsking i eit meir internasjonalt miljø og kom gjennom sin professor og rettleiar i kontakt med professor Sørbø. Dei to professorane hadde kjent kvarandre sidan det europeiske forskingssamarbeidet Women Writers in History - Toward a New Understanding of European Literary Culture (2009-13) i regi European Cooperation in Science and Technology (COST).
Alle tre er med i oppfølgaren DARIAH-EU Women Writers in History, der professor Sørbø er ein av dei tre leiarane. Kontakten med Sørbø gjorde at Iaconis bestemte seg for å gjere delar av postdoktorforskinga mi her i Volda.
Doktorgradsarbeidet
– I doktorgradsarbeidet mitt fokuserte eg på italiensk litteratur skriven av kvinner i det 19. hundreåret. Eg las og analyserte sju romanar og eg var spesielt interessert i korleis forfattarane skildra forholda og den italienske lovgivinga rundt ekteskap og skilsmisse. I dei dagar var ekteskap i Italia uoppløyselege og lova diskriminerte kvinner både økonomisk og sosialt. I analysen min ser eg på korleis forfattarane skildrar vanskane separerte kvinner møtte i det italienske samfunnet og overgrep dei vart utsette for av ektemenn og rettssystemet. Dei kvinnelege forfattarane tok på denne måten til orde for ei lov som godkjente skilsmisse. Engasjementet deira omfatta også tema som mangel på kvinneleg representasjon, diskrimering av kvinner og ekskludering frå avgjerdsprosessar.
Postdoktorarbeid i Volda
Som postdoktor forskar Valeria Iaconis det italienske magasinet «La Chiosa. Commenti settimanali femminili di vita politica e sociale» (Annotations. Women’s Weekly Comments on Political and Social Issues) som kom ut på 1920-talet.
– Eg analyserer den redaksjonelle linja, innhaldet og korleis magasinet vart motteke utanfor Italia. Redaksjonen var sterkt kvinnedominert og dei skreiv for kvinner. Det uttalte målet var å gje lesarane informasjon om politikk og kulturliv og førebu kvinner til å opptre i offentlegheita. Med dette som føremål tok «La Chiosa» opp aktuelle sosiale og politiske tema, til dømes spørsmålet om skilsmisse og stemmerett for kvinner.
Iaconis fortel at ho er oppteken av å få fram i lyset kvinnelege forfattarar som var berømte i si samtid men som no stort sett er ukjende. Ein stor del av arbeidet mitt handlar også å registrere alle personar, hendingar og publikasjonar som det vart skrive om i bladet i den tida det eksisterte.
– Idéen bak denne forma for kvantitativ undersøking er å skaffe fram informasjon som har blitt neglisjert i tradisjonelle litterære kanonar og for å betre forstå kva rolle kvinner spelte i samtida og etterpå. Ho har også funne nokre norske forfattarar mellom dei som var lesne i Italia på 1920-talet, som til dømes Sigrid Undset.
Vakkert i Noreg og triveleg i Volda
– Eg kom til Volda i august, og etter eit opphald i karantene tok eg ein biltur til Lofoten. Eg har fått sett mange fine stadar som Runde, Geiranger, Trondheim og Atlanterhavsvegen. Eg synest det norske landskapet er vakkert. Alle her ved Høgskulen i Volda har vore svært hyggelege og hjelpsame, og eg set stor pris på Marie som har hjelpt meg mykje i forskingsarbeidet mitt, avsluttar Valeria Iaconis.