Besøk frå Danmark

Tekst: Terese Balsnes

- Oppdatert

Førre veke hadde Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning (AHL) besøk av lektorar og forskarar frå Københavns Professionshøjskole. Højskolen har eit tett samarbeid med Høgskulen i Volda (HVO).

Høgskulen i Volda og Københavns Proffesionshøjskole
Frå venstre: Fagleg ansvarleg Bente Vatne (HVO), prodekan Anne Øie (HVO) og dei danske gjestane: adjunkt Helle Hansen, forskar Ida Kornerup, lektor Mette Siersted, og lektor Bente Reiman Jensen. Forskingsprogramleiar Vibeke Schrøder tok også del, men er ikkje med på biletet. 

Forskings- og utdanningssamarbeid

Dei besøkande frå Københavns Profesionshøjskole (tidlegare UCC Professionshøjskolen) arbeider alle med barnehagelærarutdanning på ulike nivå, og programmet i Volda omfatta mellom anna ei orientering av Elisabeth Welle om barnehagelærarutdanninga ved HVO, i tillegg til at Liv Ingrid Aske Håberg presenterte forkingsgruppa Early Literacy. I dette møtet tok den danske delegasjonen del med gjensidig presentasjonar av sine forskingsprosjekt. Seinare var dei deltakarar i undervisning av emnet Mangfald og meistring, leia av Gunnhild Bergset, og heile følget besøkte Røysmarka studentbarnehage i Volda og Barnas vel barnehage i Ørsta.

Ein del av Erasmusprogrammet

Samarbeidet mellom dei to høgskulane er ein del av EU sitt program for utdanningssamarbeid, Erasmus, som ved HVO vert koordinert av Internasjonalt kontor. Også litt kultur var det plass til i programmet, og dei beøkande danskane fekk eit innblikk i korleis Ivar Aasen-tunet gir born og vaksne gode opplevingar av språk, litteratur, arkitektur, kunst og musikk.

Del på