Semesters

ULENO3B Norskfaget, norsklæraren og klasserommet

Course code: 
ULENO3B
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Master
Teaching semester: 
2024 Spring
Assessment semester: 
2024 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Emnet tek for seg norskfagets historie med vekt på korleis faget sine målsetjingar, innhald og arbeidsmåtar har endra seg, og korleis den samfunnsmessige konteksten har påverka desse endringane. Tilnærminga legg vekt på legitimeringsspørsmål knytt til norskfaget sitt spenn mellom kunnskap, ferdigheiter, kompetanse og danning. Sentrale emne i studiet er faghistorisk forståing og fagleg debatt, læreplanar og andre normtekstar, læreverk, internasjonale og nasjonale/lokale testar, danning og litterær kanon og morsmålsfaget norsk i eit norsk/nordisk perspektiv. Vidare vert det lagt vekt på korleis arbeid med grunnleggande ferdigheiter, kjerneelement og tverrfaglege tema er sentrale element i norskfaget.

Vurderingsordninga (fagartikkel) gir studentane øving i akademisk skriving på masternivå, og det er såleis ei nyttig førebuing før den større masteroppgåva. Artikkelen er ei fortolkande dokumentanalyse av gjeldande normtekstar i dagens skule (lover, forskrifter, læreplanverk, styringsdokument frå Utdanningsdirektoratet, lokale læreplanar, nasjonale/lokale testar og kartleggingsprøver, læreverk/lesebøker/skuleutgåver av skjønnlitterære verk med meir). Pensum består for ein stor del av fagfellevurderte og forskingsbaserte artiklar som kan fungere som modellar for studentane sitt eige arbeid med ein akademisk artikkel.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har inngåande kunnskap om hovudtrekka i faget si historiske utvikling med vekt på fagets læreplan, læreverk og andre normtekstar
  • har inngåande kunnskap om mål, innhald, arbeidsmåtar og vurdering i gjeldande læreplan i norsk med særleg vekt på kjerneelement og  grunnleggande ferdigheiter
  • har inngåande kunnskap om dialog som ressurs og om læraren sitt ansvar for å legge til rette for eit dialogisk og inkluderande klasserom
  • kan anvende forskingsbasert kunnskap om faglege og fagdidaktiske utfordringar knytte til norskfaget, og om tverrfagleg samarbeid på ein konstruktiv og kritisk måte
  • har inngåande forskingsbasert kunnskap om grammatiske og funksjonelle sider ved  språket
  • har inngåande kunnskap om kanontradisjonar og danningsfaget norsk
Learning outcome skills

Studenten

  • kan analysere og vurdere kritisk korleis dagens norskfag er eit resultat av ulike kunnskaps- og danningstradisjonar
  • kan utvikle, planlegge, gjennomføre og vurdere norskopplæring med utgangspunkt i gjeldande normtekstar, og i eit mangfaldig klasserom i grunnskulen 
  • kan anvende kritisk forskingsbasert kunnskap om språket som system, og kunne legge til rette for utforskande arbeid med språk
  • kan analysere faglege problemstillingar basert på teoretisk og praktisk kunnskap om lærarprofesjonen, og på norskfaget sin eigenart, verdigrunnlag og historie 
Learning outcome qualification

Studenten

  • Kan ut frå forsking og i lys av fagets historie og norskfaglege normtekstar reflektere kritisk og konstruktivt rundt rolla norskfaget og norsklæraren har og har hatt i skulen
  • Kan vurdere eigen praksis som norsklærar i klasserommet og grunngi vurderingane
Working and learning activities

Emnet vert organisert gjennom ei blanding av undervisning, seminar og andre studentaktive læringsmåtar.
 

Assessment requirements

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Maximum number of students: 
15
Person in charge: 
Pernille Fiskerstrand
Kristin Kibsgaard Sjøhelle
Used in other programs
  • Teaching and learning - experience-based master's degree
  • Teaching and learning - experience-based master's degree (part-time)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Fagartikkel 5.000 ord (+/- 10%)
Approval signature: 
Arne Myklebust