SKR301 Skriftkulturar
Ingen
Emnet tek føre seg tilhøvet mellom ulike kulturar og dei ulike skriftspråka, talespråka og tekstane som er med på å forme dei. Det blir lagt særleg vekt på å synleggjere kva som ligg i omgrepet «skriftkultur» og på utviklinga av ulike former for skriftkultur.
Gjennom emnet får studentane også innføring i dei sosiale følgjene som skrifta har fått i ulike utformingar og samanhengar. Emnet tek vidare opp korleis skriftbruk i og skriftleggjering av sentrale samfunnsfunksjonar heng saman med modernisering, men også korleis skrift relaterer seg til makt og korleis skrift kan skape nye kulturelle og sosiale skilje. Ein vil synleggjere korleis skriftkulturelle utviklingsprosessar kan bli prega av dominans og motstand, som i relasjonar mellom dominerande kulturar og sub- og motkulturar knytt til ulike grupper i samfunnet og til ulike medium.
Emnet er tverrvitskapleg og bygger på ulike fag og disiplinar som skriftkulturforsking, språk-, litteratur- og kulturhistorie og samfunns- og kulturvitskap. Det er såleis forankra i fag og disiplinar som sameinar humanistiske og samfunnsvitskaplege perspektiv.
Hovudvekta blir lagt på utvikling av skriftkulturar fram til ca. 1800, sjølv om emnet også trekkjer linjer mot nyare skriftkulturell utvikling og forsking.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten
- har godt innsyn i den kulturelle vekselverknaden mellom skriftspråk og talespråk
- har inngåande kunnskap om framveksten og bruken av omgrepet «skriftkultur» og eldre og nyare tradisjonar innanfor skriftkulturell forsking
- har godt oversyn over utviklinga av sentrale skriftkulturar frå dei eldste tider og fram til ca. 1800, særleg over utviklinga av skandinaviske og engelskspråklege skriftkulturar
- har godt innsyn i korleis skrift og skriftkultur kan knytast til maktutøving, kulturelle skilje og sosial ulikskap, med særleg vekt på tida fram til ca. 1800
- har godt innsyn i den rolla skrift og skriftkultur har spela i samband med sosial og kulturell modernisering, med særleg vekt på tida fram til ca. 1800
Kandidaten
- kan analysere vilkåra for ulike skriftkulturelle system i lys av kvarandre
- kan analysere og vurdere vilkåra for dominerande skriftkulturar jamført med vilkåra for mindre skriftkulturar, med særleg vekt på tida fram til ca. 1800
- kan vurdere og diskutere korleis skriftkulturar kan knytast til maktutøving, kulturelle skilje og sosial ulikskap, med særleg vekt på tida fram til ca. 1800
- kan vurdere og diskutere korleis skriftkulturar har vore ein viktig faktor ved sosiale og kulturelle moderniseringsprosessar, med særleg vekt på tida fram til ca. 1800
Kandidaten
- kan analysere tekstar og argument og framstille eigne argument på ein ryddig, logisk og samanhengande måte både munnleg og skriftleg på norsk eller engelsk
- kan skrive klar og presis akademisk sakprosa på korrekt norsk eller engelsk
- kan kommunisere skriftleg og munnleg med spesialistar og ålmenta om relevante faglege problemstillingar
I emnet blir det nytta varierte undervisnings- og arbeidsformer, slik som førelesingar, seminar, oppgåveløysing og individuell rettleiing. Undervisninga er organisert som samlingar. Den første todagarssamlinga er fysisk ved Høgskulen i Volda, og frammøte til denne er obligatorisk. Dei andre samlingane vil vere digitale. For å oppnå interaktiv læring mellom samlingane, kommuniserer vi med studentane via læringsplattforma Canvas, der vi legg ut fagstoff, oppgåver og liknande.
Frammøtekrav:
Det er krav om 75 % frammøte til all fysisk undervisning, jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §6-6 Den digitale undervisninga er ikkje obligatorisk, men vi rår sterkt til at studenten møter godt budd til all undervisning.
Arbeidskrav:
Studenten skal levere inntil tre (3) individuelle arbeidskrav av eit nærare fastsett omfang innan fastsette fristar. Innleveringane er obligatoriske og skal skrivast på norsk eller engelsk. Arbeidskrava dannar grunnlag for ein skriftleg mappeeksamen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4.
- Written Cultures - master
- Written Cultures - master (part-time)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Eksamen skal skrivast på norsk (dvs. valfritt bokmål eller nynorsk) eller engelsk. |