Semesters

PPUY-PRA2 Praksis 2

Course code: 
PPUY-PRA2
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
0
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2024 Autumn
2025 Spring
Assessment semester: 
2025 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
PPUY-PRA1 Teaching practice 1
Course content

Praksisopplæringa skal gi studenten brei erfaring med ulike aktivitetar i yrkesfaglærarprofesjonen. Hovudtema for praksisopplæringa er lærarrolla, lærararbeidet, elevmangfaldet, skulen som organisasjon og lærarens tilrettelegging for læring. Gjennom deltaking, utforsking, observasjon og refleksjon skal studenten gradvis utvikle eigen yrkesfaglæraridentitet og profesjonskompetanse. Praksisopplæringa skal vere rettleia, vurdert og variert, og praksisskulen er ein læringsarena på lik line med opplæringa ved høgskulen. Ei tett kopling mellom innhald og arbeidsmåtar i praksis, pedagogikk og fagdidaktikk i studiet skal bidra til at studenten utviklar teoretisk refleksjon over eigen praksis og forskingsbasert grunngjeving for profesjonsutøving. I andre studieår skal studenten gjennomføre ei tverrfagleg utviklingsoppgåve som skal kombinere pedagogikk, yrkesdidaktikk og praksis. 

Skulen i samfunnet, leiing av lærings- og utviklingsarbeid i eit organisasjons- og samfunnsperspektiv, er hovudtema andre studieår.

Omfanget av praksis i studiet er minimum 60 arbeidsdagar. Praksis andre studieår har eit omfang av 30 dagar, normalt fordelt mellom 20 dagar i vidaregåande opplæring og 10 dagar på ungdomstrinnet.

Praksisplanen byggjer på Forskrift om rammeplan for praktisk pedagogisk utdanning for yrkesfag for trinn 8-13.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifiasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne :

Learning outcome knowledge

Kandidaten:

  • har utvida kunnskap om yrkesfaglæraren sine roller, oppgåver og ansvar i opplæringa
  • har utvida kunnskap om tilrettelegging for læring og bruk av relevante læreprosessar, arbeidsmåtar, læremiddel og vurderingsformer i eige programområde
  • har kunnskap om læring i ulike sosiale og fleirkulturelle kontekstar
  • har kunnskap om digitale verktøy i yrkesopplæringa og om entrepenørielle læreprosessar, nytenking, kreativitet og innovasjon
  • har kunnskap om læringsfellesskap og lærarens ansvar for kvaliteten på relasjonsbygging mellom elevar, lærarar og føresette
  • har kunnskap om skulen som organisasjon, samarbeid med føresette og andre samarbeidspartnarar
Learning outcome skills

Kandidaten:

  • kan bruke eigen yrkeskompetanse, og planlegge, grunngje, leie og dokumentere relevant yrkesopplæring i tråd med arbeidslivets utviklings- og endringsbehov
  • kan leie læreprosessar som fremjar praktisk, differensiert og tilpassa opplæring, og tilpasse opplæringa til elevens/lærlingens interesser, behov og utdanningsplanar
  • kan bygge gode relasjonar med elevar, føresette, kollegaer og andre aktørar i skule og arbeidsliv, og involvere lokalt arbeids- og samfunnsliv i opplæringa
  • kan vurdere og bruke nye læringsformer som digitale verktøy opnar for, og forhalde seg kritisk til informasjonskjelder og digitale verktøy i opplæringa
  • kan legge til rette for entreprenørielle læreprosessar som opnar for nytenking, kreativitet og innovasjon 
Learning outcome qualification

Kandidaten:

  • har utvikla eigen yrkesfaglæraridentitet som bidrag til profesjonsfellesskapet, samt kommunikasjons- og relasjonskompetanse som ivaretek profesjonsetiske verdiar i opplæringa
  • har endrings- og utviklingskompetanse som grunnlag for å møte framtidas kompetansebehov i skule, arbeids- og samfunnsliv
  • kan reflektere over grunnleggande etiske verdiar i yrkesopplæringa i skule, bedrift og verksemd
Working and learning activities

Studie- og praksisrute klargjer tidfesting av praksisperioden. Studenten skal samla gjennomføre praksis i 50 dagar i vidaregåande opplæring, og ti dagar på ungdomstrinnet. Gjennom studiet skal studenten ha minimum 15 dagar samanhengande blokkpraksis ved ein annan vidaregåande skule enn eigen arbeidsstad. I PPUY-PRA2 skal studenten gjennomføre 20 dagar undervisningspraksis i vidaregåande opplæring og ti dagar på ungdomstrinnet. Praksis på ungdomstrinnet skal bidra til at studenten får erfaringsbasert kunnskap om overgangen mellom skulenivåa og bli betre rusta til å kjenne til og forstå elevmangfaldet. Vidare er yrkesfaglærarkompetansen relevant og nødvendig for fag som til dømes valfag og utdanningsval i ungdomstrinnet. Praksis første og andre studieåar bør gjennomførast ved ulike vidaregåande skular.

Etter avtale kan inntil 15 dagar av praksis gjennomførast i utlandet.

I praksis skal studenten følgje skulen si arbeidstidsorganisering. I samsvar med ein lærar sin arbeidsplan utgjer dette om lag 250 arbeidstimar i praksisemne 2, og dette inkluderer undervisning, førebuing, vurderingsarbeid, møte- og samarbeidstid samt tid til fagleg utviklingsforum.

Det vert orientert meir detaljert rundt praksisorganisering og gjennomføring på www.hivolda.no/ppu  

Som sluttvurdering skal praksisrettleiar gi ei skriftleg individuell vurdering med karakteren stått/ikkje stått. Vurderinga vert gitt med grunnlag i læringsutbytte og vurderingskriterier for praksisperioden. Studenten skal legge sluttvurdering frå første praksisperiode fram for praksislærar i forkant av andre praksisperiode. Ved tvil om studenten skal stå skal emneansvarleg for praksis ved HVO koplast inn så snart som råd.  Den endelege vurderinga vert gjort av praksisansvarleg i samråd med praksislærar og praksisskulerektor. 

Assessment requirements

Det er obligatorisk frammøte til praksis.
 

Evaluation system
Maximum number of students: 
50
Person in charge: 
Torstein Drabløs
Used in other programs
  • Vocational Teacher Qualification (part time)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praksis
Individual
1 Semester
Pass / fail
Approval signature: 
Silje Ims Lied