Ny bok: Storverk om nynorsk skjønnlitteratur
Professor Jan Inge Sørbø ved Høgskulen i Volda står bak Nynorsk litteraturhistorie der over 150 forfattarskapar er representerte. Her finst kjende storleikar som Arne Garborg, Tarjei Vesaas, Marie Takvam, Jon Fosse og Olaug Nilssen, så vel som forfattarar som fortener ny merksemd, som Gro Holm og Sjur Bygd.
Boka kjem ut i høve 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget. Det er første gong det kjem ut ein samla presentasjon av den nynorske skjønnlitteraturen.
Lansering
Det blir lansering på Nasjonalbiblioteket mandag 28. mai kl 15, Jan Inge Sørbø i samtale med Gunnhild Øyehaug og Mette Karlsvik. Samtalen vert leia av Kaja Schjerven Mollerin. Arrangementet er ope for presse og inviterte.
Sørbø skal også halde foredrag om boka laurdag 26. mail på den nystarta festivalen ÅRAM PLUSS på Åram i Vanylven .
I Nynorsk litteraturhistorie gjev Jan Inge Sørbø eit heilt nytt perspektiv på norsk litteratur. Han viser korleis nynorske forfattarar både har forma dei litterære normene i periodane dei levde i - og opponert mot dei. Aasen protesterte mot nasjonalromantikken, og Vinje dreiv gjøn med bondeforteljingar og idealiseringa av bøndene. Garborg var ein eksemplarisk naturalist, men braut deretter med denne retninga. Dei nynorske forfattarane var seint ute til høgromantikken, men til gjengjeld var dei modernistiske pionerar.
Utviklinga av det nynorske skriftspråket har sytt for at stemmer og erfaringar frå heile landet har fått innpass i litteraturen, og at det har blitt skrive bøker frå småbruk og fiskevær på eit språk som reflekterer mang ein lesar sin eigen måte å tenkje og snakke på.
Jan Inge Sørbø (f. 1954) er professor i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda. Han har skrive fleire skjønnlitterære bøker. han har også skrive bøker om Hans Skjervheim, Olav Aukrust, Arnold Eidslott, Alfred Hauge, Ronald Fangen, Alexander Kielland, og Arne Garborg.