Design, kunst og handverk
Årsstudium
Design, kunst og handverk er eit praktisk-teoretisk studium der du lærer om visuell kommunikasjon, design, handverk og kunst. På timeplanen står mellom anna idéutvikling, form, farge, komposisjon, teknikk, materiale og verktøy knytt til skapande prosessar.
Du vert ein del av eit engasjert og inspirerande fagmiljø som vil sette deg i stand til å realisere eigne idear og prosjekt, samt utøve og formidle kunst og kultur. Vi jobbar i nyoppussa og velutstyrte verkstader.
Følg oss på Instagram og Facebook!
- Heiltid
- Varigheit 2 semester (1 år)
- 60 studiepoeng
- Start haust
- Opptakskrav
Generell studiekompetanse.
- Studieplan
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Undervisningsformene vekslar mellom individuell oppgåveløysing med rettleiing, fellesundervisning og sjølvstudium. Arbeidsformene vil variere innanfor dei ulike emna, men i hovudsak er det individuelt skapande arbeid. Arbeidsbok vert brukt som metode i dei fleste emna for å gi eit tydelegare bilete av eiga utvikling. Metoden bygger på at studenten sjølv skriv ned sine refleksjonar og val, og formulerer nye mål innanfor det aktuelle fagfeltet.Teoriundervisninga vil i hovudsak vere fellesførelesingar.
Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.
Aktuelle yrke og vidare studium
Studiet gir innføring i ei rekke materialområde innan kunstfagleg praksis og kan nyttast som eit forstudie til anna høgare utdanning innan kunst og arkitektur.
Studiet kan inngå i og er identisk med første året i Bachelor i Design, kunst og handverk, som gir fagleg og didaktisk kompetanse for undervisning i kunst, design og handverk i skulesektoren, eller på andre område der kunst-, kultur- og mediefagleg kompetanse står sentralt.
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
Studie er eit heiltidsstudie og ein må rekne med fire undervisningsdagar (to på kvart emne) i veka på det jamne. Undervisningsdagar haustsemesteret:
KOH 131 Visuell kommunikasjon - tysdag og onsdag.
KOH 133 Teikning og måling - måndag og fredag.
Oppstart studieåret 2024/2025 er tysdag 20. august, sjå program her.
Plan for resten av veka:
Onsdag 21. august - felles frukost i Kaarstadparken kl 11.
Torsdag 22. august - tur i nærmiljøet med spikking, bål og pølse. Møt i treverkstaden kl 11.
Fredag 23. august - oppstart av emnet KOH 133 Teikning og måling, kl 10.00 i Teiknesalen.
Studieplan
Design, kunst og handverk - årsstudium
Årsstudiet i design, kunst og handverk gjev kompetanse i skapande handling, og kunnskap om kunstneriske uttrykksformer og fagdidaktiske problemstillingar. Gjennom utdanninga får studentane høve til å øve og utvikle praktiske ferdigheiter gjennom eige skapande arbeid og refleksjon. Den praktiske kunnskapen blir utfordra gjennom møte med fag- og fagdidaktisk teori.
Det praktiske og skapande arbeidet skal ta utgangspunkt i fagfelt som er relevante for pedagogisk verksemd i skule, kulturskule og andre samfunnsinstitusjonar. Kjerneelementa i Kunst- og handverksfaget i grunnskulen er fokuserte: Handverksferdigheiter, kunst- og designprosessar, visuell kommunikasjon og kulturforståing.
Årsstudiet kan byggjast på til bachelor grad (180 studiepoeng). Sjå studieprogramplan for Bachelor i design, kunst og handverk. Bachelorgraden kan nyttast som grunnlag for vidare utdanningar og masterprogram.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten:
- har kunnskap om faget sine kjerneområde: ideutvikling, form, farge, komposisjon, teknikk, materiale og verkty knytt til skapande prosessar i design, kunst og handverk
- har kunnskap om fagteori og fagdidaktikk som refleksjonsgrunnlag.
Studenten:
- kan bruke ferdigheitene i faget sine kjerneområde: ideutvikling, form, farge, komposisjon, teknikk, materiale og reiskap knytt til skapande prosessar i design, kunst og handverk
- har ferdigheiter i å bruke fagteori og fagdidaktikk som refleksjonsgrunnlag knytt til fagleg utvikling og formidling.
Studenten:
- har evne til å sjå faget sitt potensiale til å fremje berekraftig utvikling
- kan bruke fagkunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte
- har evne til å formidle og presentere faget munnleg, skriftleg og gjennom relevante uttrykksformer.
Studieprogrammet er bygd opp av 4 obligatoriske emne à 15 studiepoeng. Arbeidsmengda skal vere omlag 1.800 arbeidstimar per 60 studiepoeng.
Ein kan søkje om å få godskrive tilsvarande emne eller utdanningar, frå andre høgskular og universitet.
Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale formidlings- og læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing. Undervisninga blir organisert både individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt.
Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6, om obligatorisk frammøte og deltaking.
Studentane får prosessevalueringar i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar. Studiet har ulike vurderingsformer som er nærare omtala i dei aktuelle emneplanane.
Emne | 2024 Haust | 2025 Vår |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
Sum (60 total) | 30 | 30 |
Studentane må betale ei materialavgift for kvart emne, som dekker felles innkjøpte materiale. Summen for kvart emne er å finne i den aktuelle emneplanen.
- Heiltid
- Varigheit 2 semester (1 år)
- 60 studiepoeng
- Start haust
- Opptakskrav
Generell studiekompetanse.
- Studieplan
Søknadskode : 223 630