Nytt tilbod om vidareutdanning ved Institutt for sosialfag
32 studentar frå kommunegrupper i Sør-Trøndelag tar studieåret 2013/2014 vidareutdanning på bachelornivå i helse- og omsorgsrett.
Studentar frå kommunegrupper i Sør-Trøndelag samla for å ta videreutdanning ved Høgskulen i Volda.
SAK101starta opp 1. oktober og har eksamen i mars 2014. Jurist og høgskulelektor Margrete Homlong har utvikla denne etterutdanninga i samarbeid med IKKS v. Per Gammelsæther. Det er eit nybrottsarbeid for instituttet, der ein saman med ein mykje brukt kurs-aktør i kommunene har samarbeidd om å utvikle eit studium i saksbehandling for kommunal helse- og omsorgsteneste.
Dette er ei vidareutdanning på bachelornivå i helse- og omsorgsrett, med fokus på forvaltning og tenesteyting i helse- og omsorgstenesta i kommunene. For å kome inn på dette studiet må ein ha studiekompetanse samt grunnleggande kompetanse i juridisk metode og forvaltingsrett. Grunnutdanninga for sosialarbeidarar og vernepleiarar vil tilfredsstille desse kompetansekrava, andre må ta eksamen i offentleg rett 1 (IPA107) ved HVO først eller dokumentere tilsvarande juridisk kompetanse.
Første gongen er dette studietilbodet kjørt som eit lukka emne, der ein har samarbeidd med Fylkesmannen og kommunegrupper i Sør-Trøndelag. Det har vore tre regionale samlingar i Trondheim, 11. oktober og 22. november 2013 og 23-24. januar 2014. Siste samlingsdag var finansiert av Fylkesmannen i Sør-Trøndelag og rådgiver Egil Flønes har vore sentral i høve til tilrettelegginga for samlingane og i høve til kommunane og finansiering av studieavgift. Tidlegare rådmann og saksbehandlarar frå Fræna kommune heldt foredrag om og erfaringsverkstad om etablering av forvaltningseiningar i helse- og omsorg, samt om nettverksbygging og implementering av kompetanse ute i kommunene i etterkant av denne utdanninga.
Denne etterutdanninga vil bli utlyst som eit ope studium neste gong og samlingane vil vere i Volda våren 2015. Interesserte kan ta kontakt med Margrete Homlong, emneansvarleg ved Institutt for sosialfag.