Eksterne kandidatar til HVO-styret
Høgskulen i Volda foreslår mellom andre professor Bernt Hagtvet og Lodve Solholm som nye styremedlemmar.

Styret ved Høgskulen i Volda foreslår ti namn som kan fylle dei fire plassane som eksterne styremedlemmer ved høgskulen frå 1. august 2019.
Eit utval på tre styremedlemmer fekk i styremøtet 6. desember i oppdrag å finne kompetente og viljuge kandidatar. Forslaget frå utvalet blei sendt til heile styret som gjorde eit samrøystes vedtak per e-post. Den 30. januar sende fungerande høgskuledirektør Per Halse forslaget til Kunnskapsdepartementet.