Nytt om Berte Kanutte-huset
Innflytting
Innflytting i Berte Kanutte-huset skal etter planen ta til frå 25. mai og utover. Data- og telefonsystemet skal då vere klart til å ta mot oss, og møblane skal monterast frå midt i mai og utover. IT-ansvarleg Svein Arnesen lagar no plan for flyttinga.
Utearealet
Utearbeidet starta opp igjen i går med legging av kantstein på gangvegen mellom Berte Kanutte-huset og Hans Strøm-huset.
Inventar
Dei fleste leverandørane til møblar, inventar og utstyr er no valde. Møblane skal stort sett leverast i bjørk. Nærmare informasjon kan ein få ved å vende seg til økonomisjef LEiv Myklebust.
-frå "ifa"