Nytt om Berte Kanutte-huset

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Overtaking av Berte Kanutte-huset
Høgskulen hadde synfaring av huset i regi av Statsbygg onsdag 18.3.98. Alle merknader som vi peika på vart noterte for seinare vurdering. Imidlertid vil det no vere gunstig å samle opp mest mogleg for å ta dette opp i ein felles pakke etter at huset har vore i bruk ei tid.
HVO tek over huset frå 1.4.98, og kan deretter ta det i bruk når møbleringa er klar. Vi vurderer om undervisninga kan starte opp allereie over påske, for behova for dette er store.


Huset ser ut til å ha mange gode funksjonelle kvalitetar, og blir, så vidt vi kan vurdere, betre og betre også utvendig. Uteareala blir sette i stand med beplanting, tilsåing osb i vår og sommar, og skal vere i topp stand når huset skal opnast offentleg i september.


Anbodsopning

Måndag 16. mars vart anboda på møblar og interiør opna, og prisane låg stort sett på det nivået som var venta. Økonomisjefen og interiørarkitektane vil no bruke ei veke for å gå gjennom desse anboda, og tek sikte på å sende ut endeleg bestilling før påske.


Ombygging av Hans Strøm-huset

Skisser for denne ombygginga vart lagt fram av fa Uno Lundberg A/S måndag 23.3.98. Skissene omfattar m.a. planar for å legge inn fire amfi undervisningsrom i nordenden av andre etasje med plass til 84 studentar for to av roma og 39 studentar i dei to andre. Dette vil kreve nytt ventilasjonsanlegg, og kan dermed ta store deler av dei 2,1 mill kr vi truleg har til disposisjon. Skissene kan studerast hos Reiulf Botn, Kjell Einar Dagfinrud, Jon-Arild K. Sollid eller Leiv Myklebust. ASF og AMF blir no bedne om å kommentere skissene og behova før påske. Ansvaret for dette har Reiulf Botn og Kjell Einar Dagfinrud.


- frå ifa

Del på