NOKUT heldt styremøtet sitt ved Høgskulen i Volda

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) tek sikte på å ha styremøta sine rundt i landet på ulike høgre utdanningsinstitusjonar. Torsdag 14. august stod Høgskulen i Volda for tur.

1060851291
Rektor Gunnar Stave ved Høgskulen i Volda orienterer NOKUT-styret

- I tillegg til deira agenda, vil ein dialog mellom høgskulen og styret i NOKUT vere ein del av programmet for dagen, fortel rektor Gunnar Stave.

- Dette er svært interessant for oss, held han fram. Det er svært positivt at NOKUT held eksterne styremøter, noko som vil skape ein tettare dialog, slår rektor Stave fast.

- Vi vil orientere NOKUT om høgskulen sin situasjon i dag og korleis utsiktene er framover, seier rektor Stave. Implementeringa av Kvalitetsreforma vil stå sentralt, i tillegg til nye rutinar som høgskulen har organisert rundt studiestarten i høve ordningane med utdanningsplanar og elektronisk registrering i Studentweb, fortel Stave.
- Høgskulen i Volda er ein av dei utdanningsinstitusjonane i landet som har kome lengst med desse implementeringa av desse reformene. NOKUT vil vere interessert i å høyre korleis prosessane rundt kvalitetssikringa ved høgskulen er organisert, seier Stave til slutt.

Del på