Veronika frå Latvia vart årets matbloggar 2023
"I'm shocked", utbryt Veronika når ho innser at ho er vinnar av heile tre prisar og nærast gjorde «reint bord» under kåringa av årets matbloggar i emnet Norwegian Food Culture.

Årets Norwegian Food Culture matbloggar Veronika Potapava (t.v.) saman med emneansvarleg Kari Ryslett.
“I'm shocked", utbryt Veronika når ho innser at ho er vinnar av heile tre prisar og nærast gjorde «reint bord» under kåringa av årets matbloggar i emnet Norwegian Food Culture.

– Eg har likt kurset veldig godt og lærarane har vore fantastiske. Dei har teke oss med rundt i nærmiljøet, vist og lært oss mykje
Veronika Potapova
I heimlandet Lativa studerar Veronika Cross Cultural Studies med fokus på skandinaviske land. Ho kunne fortelje at matkultur var noko ho ikkje hadde studert før, og at ho er glad for at ho kom til Volda.
– Volda er ei koseleg bygd der alle kjenner alle. Som ei stor familie, fortel Viktoria.
Nytt emne hausten 2023
Norwegian Food Culture (ERAMAK101, 15 stp) er et nytt emne hausten 2023, der internasjonale studentar har fått høve til å utforske norsk matkultur og tradisjonsmat. Ikkje nok med det har studiekvardagen også fått ein ny dimensjon av dei globale impulsane rundt, når 11 studentar frå 7 ulike nasjonar har samarbeidd i undervisningskjøkkenet.

Formidle matkultur gjennom digitale medier
Emnet har teke med seg mange erfaringar frå vidareutdanninga Matkultur (30 stp), som er eit norskspråkleg deltidsstudie rundt same tema. Her har det vore tradisjon for å kåre kven som har laga den beste studiebloggen av studentane, og i år har denne tradisjonen altså blitt vidareført til dei internasjonale studentane ved Norwegian Food Culture.
I løpet av semesteret har studentane fått møte og øve seg på formidlinga av matkultur på både tradisjonelle og moderne måtar. Det å skrive ein eigen studieblogg har vore eit arbeidskrav, og ein del av det praktiske opplegget.



Emneansvarleg og førstelektor Kari Ryslett forklarar at kåringa er ei intern konkurranse, der studentane og emneansvarlige stemmer på sine favorittar ut i frå gitte kriterier.
Kategoriane var:
- Beste blogginnlegg om sylting, safting og konservering
- Beste blogginnlegg om konservering av kjøt
- Beste blogginnlegg om tradisjonell norsk baking
- Årets matbloggar
Kriteria var gode bilete, lesbar tekst, godt profesjonelt nivå, og ryddige og fine blogginnlegg.
Vinnarane:
Somin Park frå Sør-Korea vann beste blogginnlegg om sylting, safting og konservering.
Veronika Potapava frå Latvia vann både beste blogginnlegg om konservering av kjøt, tradisjonell norsk baking og årets Norwegian Food Culture matbloggar.
Sjå studentane i aksjon på Distriktsnyhendene
Studentane har dei siste vekene hatt sine første møte med norske mattradisjonar i jula. Bli med inn i undervisningskjøkkenet og sjå då Distriktsnyhendene var på besøk og fekk innblikk i studiekvardagen deira.
Sjå studentane på Distriktsnyhendene Møre og Romsdal