Val av studentrepresentantar til høgskulestyret 2019
Fram til 19. september er det mogleg å nominere kandidatar til valet av studentrepresentantar til høgskulestyret.

Fram til 19. september er det mogleg å nominere kandidatar til valet av studentrepresentantar til høgskulestyret.
Høgskulestyret sine oppgåver:
Styret er det øvste organet ved Høgskulen i Volda. Dei har ansvar for at den faglege verksemda held høg kvalitet og for at institusjonen blir drevet effektivt, i samsvar med lover og dei rammene som overordna styresmakt gir.
Gode grunnar til å bli med i høgskulestyret:
- Du får godtgjersle for alle styremøte du er med på
- Du får god erfaring frå styrearbeid på ein viktig institusjon
- Du får eit bra verv å ha på CV-en din
Meld di interesse ved å bruke den elektroniske nominasjonsporten.
Du kan også ta kontakt med Studentsørvis. Kjenner du nokon andre som du ser for deg kan passe til å sitte i styret? Ikkje nøl med å nominere dei, men ver sikker på at dei sjølve ønskjer eit slik verv.
Frist for nominasjon er 19. september kl.14.00
Elektronisk val i SurveyXact frå 3. oktober til 11. oktober kl. 14.00.
Viktige datoar for studentrepresentantvalet:
20. august – 19. september kl. 14.00: Nominasjonsperiode
23. september kl. 14.00: Svarfrist for de nominerte
25. september: Presentasjon av studentrepresentantane
25. september – 3. oktober: Valgkampperiode
3. oktober – 11. oktober kl. 14.00: Elektronisk val i SurveyXact