Tekst og tanke – Nytt sosialt tiltak for studentar
På biblioteket vil det våren 2022 bli arrangert Tekst og tanke for studentar. Dette er ein sosial møtestad der vi samlar oss rundt eit bord med noko varmt i koppen og møter god litteratur gjennom lesemetoden shared reading.
Shared reading er ein forskingsbasert metode som har som intensjon å opne litteratur for alle målgrupper. Det er ein vennleg og trygg møtestad mellom menneske og mellom menneske og litteratur. Lesinga skjer nær deg, og nær der du er. Ein blir nær litteraturen og nær kvarandre. Ein kan kanskje seie at det er ei nærande form for lesing. I ein shared reading er ein personleg og kjenslemessig orientert, og metoden passar både for deg som har lese mykje eller lite. Shared reading har fått positiv merksemd blant studentar både nasjonalt og internasjonalt.
Lesemetoden opnar for samtalar om tema ein kanskje ikkje snakkar så ofte om. Dette kan vere med å skape perspektiv og empati. Kvar enkelt deltakar møter litteraturen på sin måte. Lesinga utvidar seg etter kvart som deltakarane bidreg med sine synsvinklar. Møtet med metoden og litteraturen kan også utfordre. Målet er at ein kan få ny innsikt eller ei ny forståing kring seg sjølv og andre. Shared reading er ein stad for vekst.
Nye relasjonar kan gi nye tankar, undring og meistring. Litteratur kan gi språk for det ein ikkje er vant med å sette ord på. Ein kan kanskje finne eit språk gjennom litteraturen. Ein shared reading er også ein stad ein kan vere stille. Ein deler berre dersom ein har lyst.
Metoden har overføringsverdi til fleire område. Den gir øving i å lese, leie, lytte og vere til stades. Ein kan oppleve å finne konsentrasjon og ro. Shared reading er også ei estetisk og deltakande oppleving.
Lesemetoden kan vise kva høgtlesing kan vere, både som formidlingsmetode og som ein måte å verte kjent med seg sjølv på. Å verte lesen høgt for er noko ein set pris på også som vaksen!
Sertifiserte leseleiarar og litteraturformidlarar er studenthumanist Lone E. Knutsen og Guro Kristin Gjøsdal ved Nynorsksenteret. Det teks omsyn til gjeldande smittevernreglar. Ein shared reading krev ingen førebuingar.
Kjekt å møtast på andre arenaer
Lone seier at no som studentane kjem tilbake til Volda og høgskuleområdet for fysisk undervisning, er det kjekt om dei også har ein arena å kunne møtast sosialt, rundt noko som ikkje berre er studier og fag.
– På Tekst og tanke kan ein treffast i ei mindre gruppe og få eit felleskap i ein time eller to. Eg kjenner sjølv på behovet for å treffe andre, sjå dei på ekte. Lytte til det dei har å fortelje, men også bli lytta til sjølv, seier ho. Ho legg til at det å få reflektere litt saman og bli litt klokare på oss sjølve og andre er noko som ho gler seg til.
Guro sier at i arbeidet hennar er ho mellom anna oppteken av kva nynorsk litteratur kan gjere for å bidra til helse og livsmeistring. Ho opplever at lesemetoden shared reading saman med nynorskperspektivet kan bidra positivt på fleire område. Både individuelt og relasjonelt, men også innanfor demokrati og medborgarskap.
Ei estetisk oppleving
Guro seier at Shared reading også er ei estisk oppleving som gir oss moglegheit til oppmerksomt nærvær og undring utan prestasjonskrav.
– Eg ser fram til samarbeidet med studenthumanisten og biblioteket, og til å møte god litteratatur samen med studentar ved høgskulen, seier ho.
Ho spør om det også er nokon studentar som får lyst til å lære meir om metoden, også til si eiga faglege verktøykasse?
Samlingane vil vere på Rom 297, Mastersalen