Studentar kan no nominere kandidat til studentprisen 2021
Kvart år får studentane ved Høgskulen i Volda høve til å nominere ein eller fleire kandidatar til studentprisen. Studentprisen er meint til å sette lys på ein eller fleire studentar sin dedikerte innsats for eit godt studentliv i Volda.
Kvart år får studentane ved Høgskulen i Volda høve til å nominere ei eller fleire kandidatar til studentprisen. Studentprisen er meint til å sette lys på ein eller fleire studentar sin dedikerte innsats for eit godt studentliv i Volda.
Dette kan skje på ulikt vis, deriblant kan dei ha bidratt i arbeidet for eit godt studentmiljø eller betre studiekvalitet, eller vore gode initiativtakarar for å starte opp nye positive studentaktivitetar.
Alle studentar ved Høgskulen i Volda skal no ha fått tilsendt ei e-post med link til nominasjonsskjema. Studentparlamentet ønskjer at flest mogleg studentar vil nominere kandidatar til studentprisen. Det er alltids betre å nominere nokon framfor å la være. Juryen vil respektere ein kvar nominasjonen som kjem. Derfor er det ekstra viktig med ei god grunngjeving som illustrerer kvifor den eller dei studentane har utmerka seg i studentmiljøet. Så ver ikkje i tvil, nominer i veg!
Fristen for å nominere kandidatar til Studentprisen er 1. august. Studentparlamentet ønskjer alle studentane eit godt val.
Tekst: Studentparlamentet i Volda