Stor konkurranse om studieplassane
For dei mest populære studia ved Høgskulen i Volda er konkurransen om plassane stor, og etter at hovudopptaket no har gått er ventelistene lange.

For dei mest populære studia ved Høgskulen i Volda er konkurransen om plassane stor, og etter at hovudopptaket no har gått er ventelistene lange.
I løpet av dei siste dagane skal alle som har søkt studieplass gjennom Samordna opptak ha fått svar på om og kvar dei har fått tilbod om studieplass. Nokre har kome inn på førstevalet sitt, andre ikkje og nokre står på ventelister og lever i håpet.
Høgskulen i Volda (HVO) opplever også i år ha ventelister på ei rekke studium.
Nesten 500 på venteliste
Bachelorgradene i Sosialt arbeid, barnevernspedagog og sosionom, er av dei med flest studentar ved HVO. Det er mange om beinet og langt ifrå alle kjem inn.
I år er det nesten 500 søkarar på venteliste for barnevernspedagog og godt over 400 for sosionom.
– Det viser at det er attraktive studium som unge vaksne blir trekt mot. Truleg har populariteten med yrkesmoglegheitene og jobbmarknaden etter fullført studium å gjere, seier Gonnie Smit, studiedirektør ved HVO.
Friluftsliv på topp
Årsstudiet i friluftsliv har gjennom fleire år vore svært populært og vore det studiet ved Høgskulen i Volda med høgast poengsnitt for å kome inn.
Trenden for friluftsliv held seg og i år er poengsnittet auka og over 100 søkarar står på venteliste.
– Det er svært gledeleg å sjå, og dette er ikkje eit blaff. Ein kan gjerne sjå at studium svingar litt i popularitet og poengsnitt for å kome inn, men friluftsliv har lege stabilt høgt over mange år, seier Smit.
Vi har framleis ei rekke studium som er ope for søking med oppstart til hausten – sjå dei her!
Stabilt høgt for mediefaga
Mediefaga ved HVO opplever jamt over gode tal i 2021. Bachelor i medieproduksjon, der studentane lærer å jobbe med innhaldsproduksjon og historieforteljing med video, opplever ei god auke i poengsnittet for å kome inn og har nærmare 200 søkarar på venteliste.
Tradisjonen tru er det ikkje enkelt å kome inn på journalistikkutdanninga. Poenggrensa er forholdsvis høg og det står nesten 400 søkarar på venteliste.
– Mediefaga våre er det mange som ønsker seg til. Sjølv om journalistikk alltid har lege jamt høgt, har det tidlegare vore svingingar der også. Men dei siste åra har søkar- og opptakstala vore gode, slår Smit fast.
Færre vil bli lærarar
I fjor gjekk Høgskulen i Volda imot den nasjonale trenden og hadde oppgang i tilbod om studieplass gitt til søkarar på grunnskulelærarutdanninga. I år opplever høgskulen ein knapp nedgang for grunnskulelærarutdanning 1.-7. trinn og ein litt større nedgang for 5.-10. trinn.
Barnehagelærarutdanninga har også litt lågare opptakstal enn fjoråret.
– Vi skulle gjerne sett at fleire søkte seg til lærarutdanningane våre, men det held seg heldigvis på eit stabilt nivå om ein ser fleire år tilbake. Rekruttering til læraryrket er ei nasjonalt utfordring, seier Smit.
Det er framleis mogleg å søke seg inn på lærarutdanningane våre – her kan du søke!